Spørsmål
Magnus Stangeland (Sp): "NRK-Fjernsynet viste 5. mars 1996 eksempel på at danske eksportfirma omgår minsteprisordninga ved å etablere dotterfirma i Noreg som kjøper fisk frå oppdrettar til 24 kroner pr. kilo, sel vidare til seg sjølv i Danmark til 28 kroner og vidaresel same fisken til den europeiske marknaden til 24 kroner.
Kva vil fiskeriministeren gjera for å få slutt på denne måten å omgå minsteprisar på?"