Spørsmål
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): "Det er eit stort udekka behov for lydlitteratur, serleg bok og band. Mange elevar, både i grunnskule og vidaregåande opplæring, kunne hatt ein langt betre læresituasjon om tilbodet var større. Også mange studentar har bruk for "lesehjelp".
Kva vil statsråden føreta seg for å gjera lydlitteraturen meir tilgjengeleg?"