Spørsmål
Børre Rønningen (SV): "Lillesand kommune har fått godkjent eigen vedtekt til konsesjonslovas § 5, for å sikre at heilårsbustader ikkje blir kjøpte opp til fritidsføremål. I strid med lokale vedtak har fylkeslandbruksstyret gjeve konsesjon for kjøp og bruk av eigedomen Kviviga - gnr. 42 bnr. 29 - til fritidsføremål.
Vil statsråden medverke til ein fornya gjennomgang av denne saka?"