Spørsmål
Lars Gunnar Lie (KrF): "Den nye arbeidsavtalen mellom staten og lærarorganisasjonane skal ta til å gjelde frå 1. januar 1994, midt i skuleåret. Dette vil medføre mange bemanningsmessige og organisatoriske spørsmål som ikkje synes gjennomtenkt på førehånd.
Vil statsråden ta initiativ til å rydde av vegen dei problem dette reiser?"