Spørsmål
Marie Lovise Widnes (SV): "Forsikringsselskapet Vesta og eit privat medisinsk senter sikrar no behandling til folk i høge stillingar utanom dei vanlege helsekøane. Dette tyder frynsegode og ei rangering etter posisjon og økonomisk evne som set likeverdsprinsippa i helsevesenet ut av spel.
Kva slags tiltak vil sosialministeren kome med for å råde bot med slike utvekstar på samfunnet?"