Spørsmål
Leiv Blakset (Sp): "Det har kome framlegg til ny fagplan i matematikk 1MA for første året i studieretninga for allmenne fag. Framlegget vil gje to planar for 1MA. Ein for dei som vil halde fram med matematikk, og ein for dei som vil slutte med faget etter eit år. Dette bryt med intensjonane om at det første året skal vere felles.
Kva er departementet si haldning til dette framlegget?"