Spørretimespørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til landbruks- og matministeren

Det er ikkje nødvendig å gifte seg med naboen for å samarbeide. Det har 30 år utanfor EU synt oss. Ein av dei viktigaste grunnane til at Noreg valde å stå utanfor EU, var omsynet til norsk landbruksproduksjon. I Sverige har mjølkeprodusentane tapt i EU-konkurransen, og resultatet har vore ei kraftig sentralisering av produksjonen. Kor store marknadsandelar har norsk mjølkeproduksjon tapt til EU dei siste 30 åra gjennom tollfrie kvotar over EØS-avtalen og såkalla RÅK-import, og kva gjer regjeringa for å demme opp mot enda meir import?

Datert: 21.11.2024
Til behandling

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Det er ikkje nødvendig å gifte seg med naboen for å samarbeide. Det har 30 år utanfor EU synt oss. Ein av dei viktigaste grunnane til at Noreg valde å stå utanfor EU, var omsynet til norsk landbruksproduksjon. I Sverige har mjølkeprodusentane tapt i EU-konkurransen, og resultatet har vore ei kraftig sentralisering av produksjonen.
Kor store marknadsandelar har norsk mjølkeproduksjon tapt til EU dei siste 30 åra gjennom tollfrie kvotar over EØS-avtalen og såkalla RÅK-import, og kva gjer regjeringa for å demme opp mot enda meir import?