Spørretimespørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Om statsråden vil følgje opp Stortinget sitt vedtak om å framskynde rv. 15 Strynefjellet, inkludert arm til Geiranger i Nasjonal transportplan 2025–2036, og sikre oppstart i første seksårsperiode

Datert: 07.10.2024
Besvart: 23.10.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): I det framlagde statsbudsjettet frå regjeringa er det uttalt at regjeringa har som "mål" å starte opp rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger i fyrste seksårsperiode. I Stortinget sitt vedtak ved behandlinga av Nasjonal transportplan i juni månad står det ettertrykkeleg: "Stortinget ber regjeringen framskynde rv. 15 Strynefjellet, inkludert arm til Geiranger i Nasjonal transportplan 2025–2036, og sikre oppstart i første seksårsperiode." Stortingsvedtak er faktisk ikkje "rettleiande".
Vil statsråden følgje opp Stortinget sitt vedtak?


Les hele debatten