Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om korleis Statens vegvesen region midt får høve til å fortsette med planlegging, pengebruk og ressursbruk på Møreaksen, eit prosjekt som er heilt ute av NTP, og om statsråden kan forklare dette pengesløseriet
Datert: 02.10.2024 Besvart: 09.10.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Frank Edvard Sve (FrP): Då Nasjonal transportplan vart behandla i juni 2024, var Møreaksen teke heilt ut av 12-årsplanen. Gjennom fleire spørsmål til statsråden har eg stilt spørsmål ved korleis Statens vegvesen region midt får høve til å fortsette med planlegging, pengebruk og ressursbruk på eit prosjekt som er heilt ute av NTP. Ein reguleringsplan er gyldig i ti år. No planlegg Statens vegvesen mudring på Vik-sida og massedeponi for tunnelmasse frå Møreaksen i Molde.Kan statsråden forklare dette pengesløseriet?