Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1443 (2022-2023)
Innlevert: 20.02.2023
Sendt: 21.02.2023
Besvart: 27.02.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Økokrim kom i si trusselvurdering for 2022 med advarsel om risiko for miljøkriminalitet og korrupsjon i kommunal sektor, særleg i samband med anbudsprosessar.
Kva gjer Kommunaldepartementet for å ruste og støtte lokalpolitikarar i kommunene til å møte aktører som presser på for å nå tak i naturressurser og areal på uryddig vis?

Begrunnelse

Media avdekker stadig uheldige korrupsjonsliknande tilstander i Norske kommuner. No seinast denne veka skreiv Dagbladet om Bolgenessaka i Kristiansund der eit kommunestyremedlem er sett under hardt press etter å ha gjort jobben sin i kontrollutvalget og varsla om det representanten meiner er uryddige forhold i samband med ei stor arealsak der det er planlagt utsprenging av ei næringstomt i eit naturområde i strandsona i byen.
Økokrim varsla i sin trusselrapport for 2022 om risiko for korrupsjon og miljøkriminalitet i kommunene og at det kan foregå kritikkverdige forhold i årevis utan at det vert rydda opp i sakene. I trusselrapporten til økokrim vert det også peika på faren for miljøkriminalitet aukar i takt med stadig større behov for naturressurser, aukande avfallsmengder, og meir globalisert økonomi med grensekryssande avfall.
I møter med lokalpolitikarar rundt om i landet fortel mange at dei sit oppe i tunge store miljø og arealsaker der grensene til lovleg saksprosess og kommunal forvaltninga vert tøygde, og der det kan vere snakk om brot på habilitetsreglar, miljøkriminalitet eller til og med korrupsjon. Kompliserte selskapsstrukturar og ansvarsforhold er utfordrande. Forvirring rundt reguleringsplaner der formålet som vert omsøkt er noko anna enn det som i praksis vert gjennomført, er også ei utfordring kommunene og våre lokale politikarar møter i sin kvardag.
For mange lokalpolitikarar er det vanskeleg å ta tak i problema fordi ein er usikker på miljørett og forvaltningsrett, og kva verkty ein rår over som lokalpolitiker. Det er dessverre ikkje uvanleg at kommunene vert trua med erstatningskrav og rettsaker av næringsaktørane sine advoktar, sjølv om det kanskje ikkje er juridisk grunnlag for det. Kommunene og lokalpoltikarane har ofte ikkje nok tid, ressurser og kompetanse til å fylgje opp sakene.
Alle arealinngrep skjer i ei kommune. Kommunepolitikarane sit med eit stort ansvar for arealforvaltninga og at anbudsprosesser skjer i tråd med gjeldande lover og forskrifter. Tilliten til demokratiet vårt er avhengig av likskap for lova og opne ryddige prosessar.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for plan- og bygningslova. Plansystemet etter lova skal sikre at arealbruken blir planlagd gjennom opne og ryddige prosessar, der dei som tiltaket påverkar, innbyggjarane generelt og aktuelle styresmakter får seie sitt. Planlegging.no er hovudkanalen til KDD for informasjon og rettleiing om planlegging. Dei viktigaste systemrettleiarane er nyleg oppdaterte, og nettsidene er brukartesta for å sikre at dei har ein struktur og funksjonalitet som svarar til behovet.
Departementet har lenge arbeidd med å auke plankompetansen, og det blir gjeve tilbod om fagsamlingar, kurs og etter- og vidareutdanning i samarbeid med statsforvaltarane, fylkeskommunane, KS og aktuelle utdanningsinstitusjonar.
Når kommunestyret gjennom kommune- og reguleringsplanen tek avgjerder om arealbruken i kommunane, er dette eit vedtak som har stor økonomisk betydning både for grunneigarar og investorar. Dei har naturleg nok ei sterk interesse i å kunne påverke utfallet. Rolla til kommunen er å vurdere ulike interesser opp mot kvarandre i situasjonar der det blir mobilisert sterkt til inntekt for fleire konkurrerande omsyn. Det stiller store krav til ryddigheit og sjølvstende, både i sakshandsaminga og hos dei folkevalde som skal treffa eit endeleg vedtak.
Politikarrolla inneber utstrekt kontakt med ulike interesser i lokalsamfunnet, for å fange opp ønske, behov og oppfatningar. Ordføraren og enkeltrepresentantar er sentrale personar å nå fram til for dei som vil fremje eit syn eller ei sak. Desse kontaktane er viktige i politiske avgjerdsprosessar, og det er av stor verdi for at dei folkevalde skal kunne danne seg velgrunna oppfatningar og ta vare på oppgåva si. Politikarane må kunne ha møte og kontakt med medlemmar av samfunnet, inkludert det lokale næringslivet. Det bidreg til å opplyse avgjerdsgrunnlaget ut over saksinnstillingane som administrasjonen fremjar, og kan vera avgjerande for å forstå verknadane av politiske vedtak.
Når ei sak blir send det folkevalde organet til handsaming, så skal saka vere forsvarleg greidd ut. Kommunedirektøren har ei viktig oppgåve i å syte for at utgreiinga gjer eit faktisk og rettsleg grunnlag for å fatte vedtak. Politikarane skal derfor ha god oversikt over alle fakta og dei juridiske vurderingane når dei skal fatte vedtak. Administrasjonen skal òg hjelpa lokalpolitikarar, gje faglege råd og svara på dei spørsmåla som lokalpolitikarar har. Det folkevalde organet kan og senda ei sak tilbake til administrasjonen for ytterlegare utgreiingar.
Kommunane er sjølvstendige einingar, og må vera medvite sitt ansvar for å ta arbeidet med etikk, moglege avvikssituasjonar og den vanskelege "gråsona" mot rein korrupsjon på alvor. Dei må sjølv skape den nødvendige tilliten og er ansvarlege for at han blir halden oppe.
Kommunelova har mange reglar om system, ordningar eller krav som skal sørgje for at folk har tillit til kommunane. Det er mellom anna krav om openheit, habilitet, god økonomistyring og kontroll. Krava til eigenkontrollen til kommunen er styrkte og det er teke grep for å styrkje tilliten til både folkevalde og administrasjonen.
Dei fleste kommunane har utarbeidd etiske retningslinjer for tilsette og folkevalde. Desse retningslinjene inneheld ofte klare råd om kva åtferd som blir forventa og kva som skal vera rettesnora. Vi veit òg at det er viktig med gode varslingsrutinar for å avdekkja feil og uønskt åtferd, og desse rutinane må vera godt kjent. Kommunale leiarar og leiande folkevalde har eit spesielt ansvar for å setja standarden og vera gode rollemodellar.
Eit anna viktig tiltak for å hjelpa politikarane i å forstå si rolle og det ansvaret dei har som folkevalde, er KS si folkevaldopplæring som alle kommunar og kommunestyremedlemmer blir invitert til å vere med på etter kvart val. Men dette åleine er ikkje nok. Det bør òg gjerast eit fortløpande arbeid slik at politikarane heile tida er klar over press utanfrå og dei etiske vurderingane som må gjerast.
Det er viktig at politikarane får den støtta dei treng. Departementet har gjennom åra gitt økonomisk støtte til ulike prosjekt for å hjelpe kommunane i arbeidet med etikk og sørgje for at dei har god kompetanse for å førebyggje, oppdage og handtere uønskte hendingar:

• Openheit, integritet og antikorrupsjonsarbeid i kommunesektoren - eit samarbeidsprosjekt mellom KS og Transparency International Noreg (TI).
• TI Noreg og KS har laga ein eigen antikorrupsjonshåndbok spesielt for kommunesektoren som gir råd og verktøy for kommunane sitt eige arbeid med korrupsjonsførebygging.
• I samarbeid med KS har departementet etablert ein etikkportal for kommunesektoren som skal gjere det lettare for folkevalde og tilsetja i kommunane å finna fram til informasjon som er viktig for arbeidet med etikk, til dømes aktuelt regelverk, rettleiarar og gode døme.
• Etikkonferansar som blir arrangert annakvart år i samarbeid med KS og TI kor aktuelle saker om etikk blir diskutert.
• Departementet har òg laga ein digital rettleiar om førebygging og handtering av hat, hets og truslar mot politikarar. Den er meint som eit hjelpemiddel for å kunne førebu seg på kva som kan komme, og for å vita kva ein kan gjere og kven ein kan kontakte viss ein blir utsett for slik åtferd.