Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:2892 (2021-2022)
Innlevert: 13.09.2022
Sendt: 14.09.2022
Besvart: 22.09.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil næringsministeren sørge for at Noreg snarast innfører reglar som begrensar marknadsmakta til store internasjonale teknologigigantar som Booking.com, slik at dei ikkje lenger får lov å hindre norske hotell i å tilby lavare pris direkte til kundane enn prisane oppgitt på dei internasjonale teknologigigantane sine digitale plattformer – noko som går ut over både norsk reiselivsbransje og forbrukarane?

Begrunnelse

Det siste tiåret har norske hotell ofte opplevd uakseptabel oppførsel frå dominerende «online travel agents» (OTAer). Dei har nytta seg av ein "take it or leave it"-strategi for å presse hotella: Såkalla prisparitetsklausular som gjer at teknologigigantane kan nekte norske hotell å tilby lavare pris direkte til kundane enn den som blir formidla via nettagentane. Både horisontale/breie (hotell kan ikkje tilby betre vilkår overfor andre OTAer) og vertikale/smale (hotell kan ikkje tilby betre vilkår frå eigne nettsider) paritetsklausuler er uheldig for både norske reiselivsbedrifter og forbrukarane.
EU har i sitt arbeid med det nye vertikale gruppeunntaket (VBER) og forordningane om digitale tenester (DSA) og digitale marknader (DMA) opna for å forby prisparitetsklausular. For å avgrense marknadsmakta til dominerande digitale portvoktarar (type Google og Booking.com), legg EU opp til å innføre eit forbod mot klausular som hindrar hotell i å tilby betre pris i sine eigne kanalar enn på plattformane til dei globale teknologi-gigantane.
Parallelt pågår det også nasjonale rettssaker mot prisparitetsklausular, der hotella har vunne over teknologi-gigantane blant anna i tysk høgsterett. I Europa er forbod mot smale prisparitetsklausular allereie innført i m a Østerrike, Belgia, Frankrike og Italia.
I Hurdalsplattformen skriv regjeringa at dei vil sikre norske reiselivsbedrifter i møtet med internasjonale plattformselskap. Når vi no ser at EU og fleire EU-land endrar sitt lovverk for å ta opp kampen med dei internasjonale teknologi-gigantane, burde det vere enkelt å få til også i Noreg med rask virkning. Norsk reiselivsnæring har m a peikt på ei konkret løysing heimla i eksisterande norsk konkurranselovgivning. Underteikna deltok også saman med m a Statssekretær i Næringsdepartementet på debatt om temaet under Arendalsuka i år i regi av NHO Reiseliv, der det var brei semje om at denne saka er viktig og må løysast raskt.
Å stoppe prisparitetsklausular som hindrar norske hotell og hotelleigarar i å konkurrere med globale teknologi-gigantar, vil forbetre rammebetingelsane og marknadssituasjonen til norske reiselivsbedrifter. Venstre meiner Norge bør ligge i forkant, ikkje på etterskot, av EU i dette arbeidet, og eg etterlyser difor framdrifta i saka.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Takk for spørsmålet. Eg vil innleiingsvis understreke at regjeringa har tydelege ambisjonar for norsk reiseliv. Reiseliv er ei framtidsnæring, som kan bidra til å sikre verdiskaping og arbeidsplassar over heile landet. Som omtalt i Hurdalsplattformen vil vi gjennomføre ei rekke konkrete tiltak, for å gjere næringa meir berekraftig og meir lønsam fram mot 2030.
Klausular som regulerer forholdet mellom hotell og digitale bestillingsplattformer har vore gjenstand for debatt i Europa i lang tid. Som stortingsrepresentant Bjørlo viser til i grunngjevinga for sitt spørsmål har land som Frankrike, Østerrike, Portugal, Italia og Belgia vedteke lover som regulerer digitale bestillingsplattformer (Online Travel Agents, OTA-er) sin bruk av slike klausular. Andre land, som til dømes Noreg, Sverige og Tyskland, overlèt vurderinga til konkurransemyndigheitene og domstolane.
Nettbaserte hotellbookingselskaper krev kommisjon av hotella for bestillingar som skjer direkte gjennom deira nettplattformer. I tillegg til kommisjonar nyttar digitale bestillingsplattformer seg av ulike former for klausular overfor hotell som bruker deira nettplattformer. Såkalla «vide» klausular forbyr eit hotell å tilby lågare pris og betre vilkår uavhengig av salskanal. Desse klausulane kan bidra til å skade konkurransen mellom plattformene og føre med seg høgare kommisjonar og auka forbrukarprisar og redusert lønsemd for hotella. Dessutan kan slike klausular gjere det vanskelegare for nye aktørar å etablere seg i marknaden for digital hotellbooking. Såkalla «smale» klausular opnar for at eit hotell kan tilby betre prisar og vilkår på konkurrerande digitale bestillingsplattformer, men forbyr hotellet å tilby betre prisar og vilkår på si eiga nettside. Denne type smale klausular vil og kunne føre til negative verknader på konkurransen.
På den andre sida er det viktig å hugse at mange forbrukarar verdsett tenestene som dei digitale bestillingsplattformene tilbyr, og opplever dei som nyttige hjelpemiddel som reduserer søkekostnadane ved bestilling av hotellrom på nett. Bruk av klausular som regulerer høvet for hotella til å fastsette eigne prisar og vilkår kan dessutan bidra til å hindre såkalla gratispassasjerproblem. Det vil seie at hotell nytter digitale bestillingsplattformer berre som ein marknadsføringskanal, mens kundane blir oppfordra til å bestille hotellrom direkte frå hotella til ein lågare pris enn på nettplattformene.
To nye EU-regelverk vil få verknad for digitale bestillingsplattformer sin framtidige bruk av klausular. EUs forordning «Digital Markets Act» har som mål å bidra til ein meir open og rettferdig plattformøkonomi, og hindre åtferd som er skadeleg for konkurransen og forbrukarane, ved å regulere dei store techgigantane som fungerer som såkalla «portvakter». Portvakter er dei selskapa som driv store nettbaserte plattformer som i stor grad påverkar konkurransen på sine områder, og setter rammer og vilkår for forbrukarane sine val. Det er vanskeleg for nye aktørar å utfordre den dominerande marknadsposisjonen til portvaktene. Også forbrukarane vil vanskeleg kunne omgå dei store nettbaserte plattformene ved kjøp av ulike produkt på nett.
Eit føretak blir i Digital Market Act definert som ein portvakter dersom det oppfyller førehandsdefinerte tersklar for blant anna omsetnad (7,5 mill. euro i året) og talet på brukarar (45 mill. sluttbrukarar og 10 mill. forretningskundar årleg). Dette vil gjelde selskap som Google, Meta, Apple, Amazon og sannsynlegvis hotellbookingselskapet Booking.com. Desse store plattformselskapa vil få forbod mot visse typar handelspraksis, som til dømes å operere med vide og smale klausular. Digital Markets Act blei formelt vedtatt av Rådet for Den europeiske union den 18. juli 2022. Noreg og EFTA-landa skal nå foreta ei vurdering av om forordninga er relevant og akseptabel, slik at den kan verte innlemma i EØS-avtalen.
Ved sidan av Digital Market Act har Europakommisjonen nyleg oppdatert EU-forordninga om vertikale gruppefritak, samt tilhøyrande retningsliner. Forordninga tillèt i utgangspunktet bruk av klausular som regulerer pris og andre vilkår så lenge partane ikkje har marknadsdelar på over 30 prosent. I den nye gruppefritaksordninga, som trådde i kraft i EU 1. juni 2022, vil gruppefritaket ikkje lenger tillate digitale bestillingsplattformer å bruke vide klausular. Dette inneber ei innstramming samanlikna med tidlegare konkurransereglar. Dessutan peikar Kommisjonen i dei oppdaterte retningslinene på at smale klausular vil kunne ha liknande verknader som dei vide klausulane, og dermed vere ulovlege.
Dei generelle konkurransereglane er slik eg ser det godt egna til å ramme konkurranseavgrensande vilkår og praksis når det gjeld digitale bestillingsplattformer. Dei to over nemnde EU-regelverka vil bidra til harmonisering av vurderinga av moglege konkurranseavgrensande klausular og praksis i den europeiske reiselivsbransjen. Når dei er gjennomførte i norsk rett vil norske reiselivsføretak få auka vern mot konkurranseskadeleg åtferd frå plattformselskapa si side. Konkurransen mellom digitale bestillingsplattformer vil i så fall kunne auke, og føre til at kommisjonane og prisane på hotellrom ut til forbrukar vert redusert.
Klausular som regulerer forholdet mellom plattformselskap og brukarar nyttast i ei rekkje bransjar og marknader, og er ikkje særskilt for reiselivsbransjen. Ei særregulering av klausular i den norske marknaden for digital hotellbooking bør ikkje verte gjennomført utan ei utgreiing som viser at det er trong for ei slik regulering, og at konkurranseutfordringar ved dagens bruk av vide og smale klausular ikkje kan løysast på ein mindre inngripande måte.
Det er og viktig å vere sikker på at ei eventuell norsk særregulering ikkje er i strid med EØS-retten. Dette må òg bli belyst nærare i ei eventuell framtidig utgreiing.
Departementet har hatt dialog med reiselivsnæringa om marknadsmakta til store internasjonale teknologi-gigantar, og prosessen knytt til oppfølging av Hurdalspunktet. Eg er gjennom denne dialogen godt informert om dei negative konsekvensane som prisparitetsklausular fører med seg for norske reiselivsbedrifter. Eg vil framover halde god kontakt med næringa, med sikte på å finne ei hensiktsmessig løysing.