Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2909 (2023-2024)
Innlevert: 25.09.2024
Sendt: 26.09.2024
Besvart: 03.10.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Det er ikkje mogleg å kjøpe billetter til Kystruten sine anløp/turer via EN-TUR.
Vil statsråden ta initiativ til at også statens innkjøp av kystrutens tjenester blir del av staten sin app-teneste (EN-TUR) for reisende i Norge?

Begrunnelse

Staten kjøper tjenester til drift av kystruten fra to leverandører. Likevel er det ikkje mogleg å få tak i billetter gjennom staten sin app-tjeneste EN-TUR til disse reisene. I appen blir en bare henvist til den ene leverandøren sine hjemmesider.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Entur har dei siste åra jobba med eit mål om å få billettar frå alle offentlege kollektivselskap tilgjengeleg for sal gjennom Entur-appen. Selskapet ligg an til å nå dette målet i løpet av året. I 2024 har også billettar til eit kommersielt selskap, Flybussen Connect i Oslo, blitt gjort tilgjengeleg for sal Entur-appen. Entur vil i 2025 fortsetje arbeidet med å inkludere sal av billettar frå fleire kommersielle tilbydarar av kollektivtrafikk.
Eg vil minne om at det berre er togoperatørar som har trafikkavtale med staten, som er pålagt å selje billettar i Entur-appen. For andre kollektivselskap, som Havila og Hurtigruten, er det frivillig om dei vil gjere sine billetter tilgjengeleg for sal i Entur-appen.
Entur opplyser at det tidlegare har vore dialog mellom Entur og leverandørane av Kystruten om sal av reiser i Entur-appen, og at Entur i det vidare arbeidet ønskjer å gjenoppta dialogen for å vurdere moglegheitene for også å inkludere deira billettar i appen.