Alfred Jens Bjørlo (V): Det siste året har mange sjølvstendig næringsdrivande i praksis fått næringsforbod som følgje av nye innleigereglar og forbod mot bemanningsbyrå. I juni vedtok Stortinget i samband med handsaminga av eit representantforslag om saka frå Venstre og Høgre å be regjeringa vurdere eit avgrensa unntak frå arbeidsmiljølova slik at sjølvstendige IT-rådgivarar og konsulentar med spesialkompetanse fortsatt skal kunne levere arbeid og oppdrag.
Kva er status for dette arbeidet og når tar statsråden sikte på at eit slikt unntak er på plass?
Begrunnelse
I representantforslaget foreslo Venstre og Høgre å be regjeringa sikre at enkeltpersonforetak og aksjeselskap med eigar som einaste tilsette kan godkjennast som bemanningsforetak.
Framlegget fekk ikkje fleirtal, men Stortinget vedtok i staden følgjande framlegg, med støtte av alle parti unnateke Rødt:
«Stortinget ber regjeringen vurdere et avgrenset unntak fra arbeidsmiljøloven slik at selvstendige IT-rådgivere og konsulenter med spesialkompetanse fortsatt skal kunne levere arbeid og oppdrag.»
Dette var i juni. No skriv vi slutten av september, og dei mange sjølvstendige konsulentane og rådgivarane som er råka av lovendringa, ventar utålmodig på framdrift i saka i tråd med Stortinget sitt vedtak.
Eg syner også til at Statsråden i debatten om saka i Stortinget i juni sa følgande:
«Jeg er opptatt av at våre dyktige IT-konsulenter – de som har peiling på veldig mange ting som ligger bak den skjermen hver og en av oss ser, som veldig mange av oss andre ikke forstår noen ting av – fortsatt tas i bruk, at de kan fortsette å drive for seg selv, og at offentlige virksomheter skal fortsette å bruke deres kompetanse. I den grad jeg kan komme med en oppfordring, og noen lar seg berøre av den oppfordringen, er det at vi fortsetter å bruke de gode fagmiljøene virksomhetene allerede har gode relasjoner til, og at man fortsetter å kjøpe inn de tjenestene man trenger fra disse dyktige konsulentene.»
Eg legg til grunn at dette signalet også har blitt vidareformidla til dei statlege verksemdene som har brukt å kjøpe inn tenester frå denne type konsulentar, slik at dei held fram med tidlegare praksis i påvente av eit oppdatert regelverk.