Birgit Oline Kjerstad (SV): Kva ansvar har utlendingemyndigheitene for å levere tilbake originaldokument som asylsøkjarar har levert i samband med asylsøknad, og korleis meiner ministeren det skal vere mogleg for asylsøkjarar som har bodd papirlause og ureturnerbare i landet i mange år å reise ut av landet før papira er levert tilbake av Norske styrmakter, og kan asylsøkjaren dømmast for ulovleg opphald i denne ventetida når det er UDI som ikkje har levert tilbake papira?
Begrunnelse
Mange land i Europa strammar inn grensekontroller, og det vert vanskelegare enn før å passere grenser også innafor Schengnområdet.