Ingvild Wetrhus Thorsvik (V): Er helseministeren enig med Venstre og Møre og Romsdal Arbeiderparti i at dei planlagde kutta i helsetilbod innanfor rus og psykiatri i Møre og Romsdal grunna dei høge kostnadene med tvangsinnføring av Helseplattformen mot Helse Møre og Romsdal si vilje, herunder nedlegging av det einaste tilbodet om medisinfritt behandlingstilbud i Møre og Romsdal, må stoppast, og vil helseministeren sørge for at desse tilboda ikkje blir lagt ned slik hans eige partifylkeslag krev?
Begrunnelse
Helse Møre og Romsdal foreslår å kutte 30 millionar i tilbodet til psykisk helse og rus, mellom anna med nedlegging av det medisinfrie rusbehandlingstilbodet ved Vegsund DPS, kutt i tverrfaglig spesialisert rusbehandling og kutt ved DPS på Nordmøre.
Møre og Romsdal Venstre reagerer sterkt på desse kutta. Det gjer også Helseministeren sitt eige fylkeslag i Møre og Romsdal Arbeiderparti, som peikar spesielt på innføringa av Helseplattformen som årsak til kutta som no er foreslått. Dei ekstraordinære kostnadene med innføringa er berekna til 348 millionar kroner så langt.
Møre og Romsdal Arbeidarparti krev at vidare omstillingar i Helse Møre og Romsdal skjer utan å leggje ned fleire tilbod. Dette er eit krav Venstre sluttar seg til, og som det er viktig å avklare om Arbeiderpartiet også nasjonalt i regjering er samde med Møre og Romsdal Arbeiderparti i.