Skriftlig spørsmål fra Tobias Drevland Lund (R) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2876 (2023-2024)
Innlevert: 20.09.2024
Sendt: 23.09.2024
Besvart: 30.09.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Tobias Drevland Lund (R)

Spørsmål

Tobias Drevland Lund (R): Da Stortinget behandlet statsbudsjettet for 2024, ble følgende anmodningsforslag vedtatt (forslag 81): "Stortinget ber regjeringen om å utrede hvordan ikke-kommersielle boliger, med pris- og omsetningskontroll, kan defineres, og komme tilbake på egnet måte innen 1. juli 2024."
Hva er status for dette arbeidet, og når venter regjeringen at denne definisjonen vil bli lagt frem?

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Det er ikkje rett fram å gi ein god definisjon av omgrepet «ikkje-kommersielle bustader». I bustadmeldinga (Meld. St. 13 (2023–2024)), som regjeringa la fram i vår, skriv vi på side 129: «Det finns ingen juridisk eller einskapleg definering av omgrepet ikkje-kommersielle bustader i Noreg i dag. Faglitteraturen gir heller inga avklaring av omgrepet, sjølv om temaet blir drøfta i ein del samanhengar. Ikkje-kommersiell kan forståast som at verksemda blir driven utan forteneste». Vidare har heller ikkje omgrepet «ideelle aktørar» ein fast definisjon. Vanlegvis legg ein til grunn at aktiviteten har eit allmennyttig eller sosialt formål, og at den blir driven utan forteneste. For å synleggjere mangfaldet i ikkje-kommersielle alternativ, viser meldinga til fleire døme på alternative bustadmodellar, i norske kommunar og i andre land.
Eg meiner at oppmodingsvedtaket no er følgt opp. Eg ser samstundes at vi treng meir kunnskap om ikkje-kommersielle bustader. I tildelingsbrevet til Husbanken for 2024 har vi skrive at «Husbanken skal også vurdere hvordan de kan støtte opp om alternative boligmodeller som kommuner og andre aktører etablerer, bl.a. gjennom tilskudd til boligtiltak». Dersom det kjem fram eit behov for ytterlegare utgreiing eller vurderingar, vil eg be om det. Forskingssenteret BOVEL, som blei etablert i 2021, har òg prioritert å skaffe meir kunnskap om den kommunale utleigesektoren dei siste par åra. Vidare har Tidsskrift for boligforskning nyleg gitt ut eit temanummer om sosiale leigebustader i Norden.
Regjeringa sitt mål er at leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg. Eg er særs oppteken av utleigemarknaden og korleis vi kan skaffe trygge bustadforhold på denne marknaden. Derfor la vi stor vekt på å beskrive utfordringar og tiltak på leigemarknaden i bustadmeldinga. Ikkje-kommersielle utleigebustader kan vere eit alternativ, men det er òg mykje anna vi kan gjere for å sikre trygge buforhold. Vi har gjort tiltak for å betre bustøtta og tiltak for å stimulere til fleire utleigebustader. Eg ser vidare fram til å få utredninga til husleigelovutvalet i oktober.