Ingrid Fiskaa (SV): Korleis vil Noreg følgja opp FN-resolusjonen som oppfordrar til å innføra konkrete sanksjonar mot Israel, som Norge har stemt for i generalforsamlinga?
Begrunnelse
FNs generalforsamling vedtok 18. september, med stort fleirtal, ein resolusjon fremma av Palestina som krev at den israelske okkupasjonen blir oppheva. Generalforsamlinga oppfordra statane til å avstå fra å anerkjenna Israels nærvære i territoriet som lovleg og å sikra at dei ikkje gir hjelp eller støtte til å oppretthalda okkupasjonen. Dette inkluderer å setja i verk tiltak for å hindra innbyggarane og selskapa deira i å delta i aktivitetar som støttar eller opprettheld Israels okkupasjon.
Vidare oppfordrar resolusjonen statane til å innføra sanksjonar, som reiseforbod og frysing av eigendelar, mot individ og einingar som er involvert i å oppretthalda Israels ulovlege nærvære i territoriet. Dette inkluderer å sikra at valdelege busettarar møter juridiske og økonomiske konsekvensar.