Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2847 (2023-2024) Innlevert: 19.09.2024 Sendt: 19.09.2024 Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren Besvart: 26.09.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande
Lan Marie Nguyen Berg (MDG): I dag er det i praksis kun meldeplikt ved installasjon av mindre solcelleanlegg. Det samme gjelder ikke for mindre vertikale vindmøller slik som bedrifter som Norhybrid Renewables produserer. Disse vertikale vindmøllene kan ha lave natur-fotavtrykk og kan enkelt plasseres på grå arealer. Likevel gjør dagens krav at terskelen for å installere de blir høyere enn nødvendig. Vil regjeringen vurdere å lempe på dagens krav for byggesøknader ved slike installasjoner, slik at vi kan få på plass mer nærvind med lavt fotavtrykk for naturen?
Erling Sande: Eg meiner det er viktig å leggje til rette for meir miljøvennleg kraftproduksjon over heile landet. Mindre vindkraftanlegg kan vere eit av fleire gode tiltak for å få til dette. Eg er likevel ikkje overtydd om at unntak frå søknadsplikt for slike anlegg, er korkje forsvarleg eller riktig. I 2015 vart det gjort endringar slik at mindre vindkraftanlegg ikkje lenger treng konsesjon etter energilovgivinga. I staden skal slike vindkraftanlegg behandlast etter plan- og bygningslova. Kva som er eit mindre vindkraftanlegg avheng av effekten, som kan vera inntil 1 MW, og ikkje sjølve storleiken av anlegget. Eit viktig formål med endringa i 2015 var å sikra at avgjerder som har stor lokal betydning også treffest på lokalt nivå. Det er kommunen som sitter med lokalkunnskapen, og som i slike saker er best egna til å sikre at særleg helse, miljø og tryggleik blir vareteken på ein god måte. Etter mi meining er det difor både viktig og riktig at kommunane gjennom søknad etter plan- og bygningslova får høve til å gjennomføra heilskaplege vurderingar av slike vindkraftanlegg.