Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2836 (2023-2024)
Innlevert: 17.09.2024
Sendt: 18.09.2024
Til behandling

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Historikken med dei to vedtaka har så lang derimot vist at Bremanger kommunen har kome til kort i sine freistnader på å få til ordning som kan hindre ulykker i via ferrataen i Hornelen.
Kan klima- og miljøministeren stadfeste at Bremanger kommune gjennom endring av reguleringsplanen har høve til fastsette at Hornelen Via Ferrata berre kan brukast i følgje med godkjent klatreguide?

Begrunnelse

Hornelen Via Ferrata er ein spektakulær jernklatresti i Bremanger kommune med eit svært stort potensiale for reiseliv og omdømmebygging i regionen.
Men alle som har sett bileta av klatrestien forstår at klatringa må skje på ein trygg og forsvarleg måte.
Derfor er det nødvendig at all klatring opp Hornelen Via Ferrata må skje med guide. Er klatrestien open for alle, kan det rett og slett utgjere risiko for alvorlege ulykker med fatale utfall. Etter ønske frå Hornelen Via Ferrata AS, og for å vinne erfaring når det gjeld tryggleik og bruk av klarte-løypene, vedtok derfor Bremanger kommune å mellombels stenge klatrestien for open allmenn bruk.
Dette ved at det blei etablert enkle fysiske hinder ved inngangane til via ferrata-traseane. I følgje Bremanger kommune ville dette ikkje hindre allmenn ferdsel og friluftsliv generelt i området.
Etter at kommunen i første omgang brukte feil lovheimel for slik regulering, gjorde kommunen nytt vedtak som gjekk ut på at ein skulle få høve til å sette opp mellombelse stengsel fram til 1. april 2026.
Bremanger kommune sitt nye vedtaket blei påklaga til statsforvaltaren i Vestland, som i juli i år oppheva det. Dette mellom anna fordi vedtaket var i strid med allemannsretten i friluftslova.
Konsekvensen av statsforvaltaren sitt vedtak blei at alle stod fritt til å klatre via ferrata-løypa utan guide.
Det har òg skjedd, og dessverre med dei frykta konsekvensane. Heldigvis har det ikkje gått med liv, men fram til nå har det to ganger blitt nødvendig å hente ned folk som har sett seg fast.
Då alarmen sist gjekk søndag kveld den 15. september var det ein utanlandsk klatrar som hadde hatt eit uhell, og hang i ein sele i fjellsida. Det utløyste ein stor redningsaksjon, der eit redningshelikopter frå Florø, ambulansehelikopter, ei alpin redningsgruppe frå Møre og fleire lokale frivillige var i aksjon.
I følgje Firdaposten har Bremanger kommune nå for tredje gang gått i gang med å få på plass ei ordning som skal sikre at via ferrataen i Hornelen berre kan brukast i følgje med godkjent klatreguide. Dette gjennom ei endring av reguleringsplanen.
I statsforvaltaren sitt vedtak av juli i år blir det òg peika på at kommunen kan endre reguleringsplanen, samt at det finst føresegner i friluftslova som opnar for at ferdsel kan regulerast.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig