Skriftlig spørsmål fra Kathy Lie (SV) til digitaliserings- og forvaltningsministeren

Dokument nr. 15:2824 (2023-2024)
Innlevert: 17.09.2024
Sendt: 17.09.2024
Rette vedkommende: Barne- og familieministeren
Besvart: 24.09.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kathy Lie (SV)

Spørsmål

Kathy Lie (SV): Omsetning av virtuell valuta og forundringspakker i dataspill er et voksende samfunnsproblem som øker unge menneskers risiko for spillavhengighet og for å havne i økonomisk uføre.
Hva vil statsråden gjøre for å få bukt med det voksende problemet med barn og unge som lokkes til å kjøpe fordeler og forundringspakker for virtuell valuta i dataspill, og vil statsråden gå inn for et forbud slik Forbrukerrådet foreslår?

Begrunnelse

13. september hadde NRK en sak om at Forbrukerrådet vil forby virtuell valuta i spill. Virtuell valuta brukes ofte i dataspill. Denne valutaen kommer i mange varianter som enten kan vinnes ved å spille eller kjøpes for ekte penger. Utfordringene er at man fort mister kontroll på hvor mye penger man bruker når prisen på det man kjøper er oppgitt i gullmynter eller diamanter og det er ingen angrerett. Spillene som bruker virtuell valuta spilles i dag av tusenvis av barn og unge. Ifølge Spillavhengighet Norge er mange av de produktene som presenteres for barn like de som brukes i Casino, som er avhengighetsskapende og gir folk store økonomiske utfordringer. Det finnes eksempler på ungdom som har spilt bort alle konfirmasjonspengene sine.
For virtuell valuta og/eller reelle penger kan man kjøpe fordeler i spillet eller ulike forundringspakker, også kalt Lootbokser med innhold som er ukjent helt til man har betalt for dem. Spilleren lokkes til å kjøpe med inviterende lys og lyd. Dette er et like stort samfunnsproblem som vanlig spillavhengighet, og retter seg i stor grad mot barn og unge.
Disse spillene eies av store multinasjonale selskaper. Som opererer på tvers av landegrenser.
I Norge har vi en streng pengespillov som har som hovedhensikt å redusere spillavhengighet. Vi ser at denne virker. Antallet personer med problematisk spill adferd går ned. Men pengespilloven omfatter ikke dataspill fordi de ikke er regnet som pengespill.
Flere land har definert lootbokser som pengespill og har innført regulering, aldersgrenser eller forbud mot lootbokser pga. den vanedannende effekten. Det pågår et arbeid i EU, men det tar tid. Mange tar nå til orde for at Norge må gjøre tiltak. Staten må komme på banen og få bukt med et voksende samfunnsproblem.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg deler bekymringa for manipulerande praksis i spel. Alle kan vere sårbare for slik praksis, men barn er særleg sårbare og skal ha eit særskilt vern. Problematiske aspekt ved marknadsføring og transaksjonar i spel har vore tema i gjennomgangen av forbrukarvernet til barn, som vi no er i gang med å følgje opp. Det er naudsynt med oppfølging på fleire måtar.
I 2023 fekk Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet i oppdrag å undersøke korleis spel som blir brukte av barn og unge er designa for å oppmuntre spelarane til å bruke tid og pengar. I rapportane «Pay to play», (SIFO-rapport 12 og 13 2023) såg vi at transaksjonar i spel kan innebere høge kostnadar, og det vart kartlagt 13 former for manipulerande design.
Ettersom sentrale tilbydarar av spel held til i utlandet, og dette er felles utfordringar på tvers av landegrenser, er det naudsynt med internasjonalt samarbeid om løysingar. I mars 2024 formidla vi innspel til ei pågåande evaluering av det felleseuropeiske forbrukarvernregelverket. Då tok vi opp mellom anna manipulerande design, lag på lag med virtuell valuta og forundringspakker. I møte med EU sin justiskommissær peika vi på at det er naudsynt å vurdere korleis barn kan vernast betre i spel, og at evalueringa bør inkludere strengare regulering av kjøp i spel og andre digitale tenester.
Forbrukarrådet lanserte 12. september 2024 rapporten «Getting played – The true cost of virtual currency.” Rapporten tek mellom anna til orde for eit europeisk forbod mot virtuell valuta som må kjøpast for ekte pengar, saman med fleire andre forslag til tiltak for å styrkje forbrukarvernet i samband med spel. Forbrukarrådet peiker i rapporten på at eit forbod mot virtuell valuta kan leggjast fram av Europakommisjonen i den pågåande evalueringa. . Rapporten frå Forbrukarrådet peiker på fleire problematiske praksisar i spel, og Forbrukarrådet tek opp at fleire av desse praksisane reiser spørsmål etter gjeldande rett. Forbrukarrådet har saman med søsterorganisasjonar i 17 land sendt ei klage til Europakommisjonen og nettverket av europeiske forbrukartilsyn (CPC-nettverket), der mellom andre Forbrukartilsynet deltek. Rapporten er eit døme på det viktige forbrukarpolitiske arbeidet som Forbrukarrådet gjer ved å på fagleg uavhengig grunnlag kartleggje, illustrere og peike på forbrukarproblem.
Forbrukartilsynet har fått i oppdrag å prioritere mellom anna marknadsføring og avtalevilkår overfor barn og unge i digitale kanalar. Dette er viktig fordi ein del av praksisen i spel òg kan reise spørsmål etter gjeldande rett. Forbrukartilsynet har følgt opp problemstillinga med kartlegging, møte med bransjen, interesseorganisasjonar og andre tilsynsstyresmakter, både nasjonalt og internasjonalt. Ettersom dei store spelaktørane har hovudbasane sine i utlandet har Forbrukartilsynet fokusert på å følgje opp utfordringane med spel på europeisk og internasjonalt nivå. Forbrukartilsynet har òg inkludert problemstillinga om kjøp i spel i undervisingsopplegget «Reklameskolen», som dei har utarbeidd på oppdrag frå BFD. Eg vil styrkje Forbrukartilsynet sin kapasitet til å føre tilsyn med forbrukarvernet til barn framover.
Evalueringa av det felleseuropeiske regelverket er venta i løpet av hausten, og må sjåast i samanheng med handsaminga av klaga til CPC-nettverket. Når resultata er klare vil eg følgje opp om dei sikrar naudsynt styrking av vernet mot manipulerande praksis i spel. Forskinga frå SIFO, Forbrukarrådet sitt interessepolitiske arbeid samt Forbrukartilsynet sitt tilsynsarbeid speler saman opp under innspela vi har gitt til evalueringa. Det legg til rette for ei streng tilnærming i heile Europa. Vi har eit solid grunnlag for å følgje opp resultata av dei pågåande prosessane slik at vi får rydda opp i den problematiske praksisen i denne bransjen.