Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:2810 (2023-2024)
Innlevert: 15.09.2024
Sendt: 16.09.2024
Til behandling

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Kva vil statsråden gjere for å sikre at pasientar i Møre og Romsdal ikkje får eit dårlegare helsetilbod, dårlegare pasienttryggleik og auka ventetid som fylgje av dei store budsjettoverskridingane og praktiske problema som har kome som direkte og indirekte fylgjer av at Helse Møre og Romsdal måtte innføre det nye journalsystemet Helseplattforma trass grundige advarslar?

Begrunnelse

Helse Møre og Romsdal vart tvinga til å innføre det nye digitale journalsystemet «Helseplattformen» i april 2024, trass i at styret, direktøren og dei tilsette sine organisasjonar åtvara om at systemet mellom anna kunne utgjere ein fare for pasienttryggleiken.
I juli vart det kjent at norske helseforetak brukte 1,3 milliarder kroner på konsulentar i 2023, og at heile 500 mill. av dette har gått til «Helseplattformen». Innføringa av systemet ved St. Olavs Hospital skulle ta 6 veker då det vart innført i november 2022, men først etter to år er det normal drift ved sjukehuset skriv NRK 2 august 2024. Ein overlege uttaler til NRK at systemet ikkje har gitt effektiviseringsgevinstane som var venta.
Direktør for Helse Møre og Romsdal varsla 19 juni at det vil vere behov for kraftige omstillingar i spesialisthelsetenestene i fylket i haust. Dette på grunn av eit venta underskott på 400 mill., der 250 mill. av dette direkte og indirekte kan tilskrivast innføring av det nye digitale journalsystemet. Styret i Helse Midt har gitt beskjed til Helse Møre og Romsdal om at undeskottet må handterast i Helse Møre og Romsdal, og at det ikkje kan reknast med ekstra midlar ut over det som er avsett tidlegare.
Sjukehustilsette og fastlegar klagar over feil, meirarbeid og redusert pasienttryggleik ved bruk av det nye journalsystemet, og Trønder-avisa skriv torsdag 13 september at formannskapet i Steinkjær no har vedteke å trekke seg frå Helseplattforma fordi løysinga er for dårleg og dyr.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig