Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:2806 (2023-2024)
Innlevert: 14.09.2024
Sendt: 16.09.2024
Til behandling

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Vil statsråden ta initiativ til å gå gjennom rutiner for handsaming av søknader og fristar i saker som gjeld familiegjenforeining i UDI for å få korta ned sakshandsamingstida for personer som søkjer frå land der dei står i ekstra stor fare for å verte forfylgde på grunn av si legning, eller fordi dei høyrer til ei forfylgd gruppe?

Begrunnelse

I meir enn 70 land er det å vere homofil eller lesbisk kriminelt, og i mange land har tryggleiken for LHBTQ +personar vorte sterkt forverra siste åra.
I 2020 lova forrige regjering å gjere LHBTQ+ personar til ei av dei prioriterte gruppene for opphaldsløyve og utveljing av overføringsflyktningar, fordi dette er personar som ofte står i ekstra stor fare for å verte forfylgde. Skeive flyktningar har til dømes brukt Tyrkia som transittland i mange tiår, men då Europa stramma inn rundt 2005 vart mange verande i landet. Mange kom dit på arbeidsvisum, og få oppsøkte UNHCR fordi dei kunne leve greitt i landet. Men no er situasjonen for LHBTQ+ personar kraftig forverra i Tyrkia, og dei flest skeive har måtta gå under jorda. For skeive med innvandrerbakgrunn er situasjonen ekstra ille, fordi dei som oftast ikkje kan reise til heimlandet eller nokon annan stad. Tyrkiske styrsmakter rapporterer dei ikkje vidare til UNHCR om dei vel å søkje asyl på grunn av si legning, og mange er redde for å søkje. Organisasjonar fortel at tyrkiske styresmakter forviser skeive migranter til stader der dei lever enno meir utrygt.
Ein del skeive flyktningar og innvandrarar kjem også til Noreg på grunnlag av familiegjenforeining frå land som praktiserer fengsling, dødsstraff og tortur mot skeive. I dag er vanlig tid for slike søknadar om lag eitt og eit halvt år, sjølv om søkaren er frå eit land eller er i transittland med omfattende forfylgjing, undertrykkjing og hat mot skeive. Styresmaktene i flere aktuelle sendeland praktiserer også dødsstraff og tortur mot skeive, for eksempel Iran og Tsjetsjenia. Norske kommuner har dei seinere åra bosett skeive flyktninger og innvandrarar frå land som dette. Ei raskere sakhandsaming vil kunne redde liv i situasjonar der det ligg til grunn ein open og sterk dokumentasjon i søknaden, og eit godt førebudd mottak rundt søker.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig