Sveinung Rotevatn (V): Kva er bakgrunnen for at Noreg ikkje har signert Artemis-avtalen om fredeleg utforsking av verdsrommet generelt, og Månen spesielt?
Begrunnelse
I 2020 signerte ei rekke land, etter initiativ frå NASA og USA, ein internasjonal avtale kjent som "The Artemis Accords". Avtalen baserer seg på Romtraktaten, og handlar om prinsipp for fredfull utforsking av verdsrommet, deling av forskingsdata, interoperabilitet mellom ulike system, handtering av romsøppel og mykje meir. Avtalen er generell, men knyter seg særleg til Artemis-programmet for utforsking av Månen.
Så langt har 43 land signert avtalen, inkludert ei rekke europeiske land som Sverige, Island, Frankrike og Storbritannia. Spørsmålet er kva som er bakgrunnen for at Noreg, med vår veksande romindustri og store ambisjonar på feltet, enno ikkje har slutta oss til avtalen.