André N. Skjelstad (V): 21. august grunnstøytte ein lekter ved Høgefjellet Naturreservat på Stadlandet i Vestland, med ein fôrflåte av betong på over 2 000 tonn om bord. Oppryddingsarbeidet har ikkje kome i gang, mellom anna fordi stat og kommune ikkje har blitt samde om kven som har ansvaret.
Meiner statsråden det er akseptabelt at det tar så lang tid å avklare ansvar og starte oppryddingsarbeid ved alvorleg forureining til havs, og er statsråden enig i at det er nødvendig å oppdatere og skjerpe regelverket for ansvar i denne type forureiningssaker?
Begrunnelse
Rundt 10 000 liter diesel har runne i sjøen etter grunnstøtinga. Kystverket brukte 18 dagar på å avklare kven dei meiner har ansvar for å rydde opp og fjerne fôrflåten.
Kystverket konkluderte då med at det juridiske ansvaret med å følge opp saka skal ligge hos Stad kommune, fordi Kystverket ikkje reknar betongkolossen som ein del av slepebåten som gjekk på grunn, og at fôrflåten difor er for ekstraavfall å rekne. Om den grunnstøytte lekteren hadde blitt definert som ein del av den forulykka eininga, ville det falle på Kystverket å følge opp saka vidare.
Etter Venstre sitt syn er det for det første uakseptabelt at det tar så lang tid å avklare ansvarsforhold i ei alvorleg forureiningssak. For det andre syner denne saka at det er nødvendig å oppdatere og klargjere regelverket for forureining til havs, slik at vi tar forureining til havs like mykje på alvor som forureining på land.