Svar
Kjersti Toppe: Regjeringa arbeider for å bygge opp statleg og ideell kapasitet og styrke grunnberedskapen i det statlege barnevernet. Som også Avkommersialiseringsutvalet peikar på, så bør ein reduksjon i bruken av kommersielle tilbydarar skje gradvis og over tid for å sikre at det offentlege samtidig klarar å byggje opp tilstrekkeleg kapasitet som tilfredsstiller krava til kvalitet for å kunne ivareta barna som har behov for institusjonstilbod (bistandsplikta). Ei utfasing kan ikkje skje raskare enn oppbygging av offentleg og ideell kapasitet.
Eg viser også til Regjeringa sin strategi «Vårt felles ansvar – ny retning for barnevernets institusjonstilbud», som blei lagt fram i april 2024, som også vil vere førande for utvikling av institusjonstilbodet framover.
Spørsmålsstillar spør om kor mykje miidlar, som ei avslutting i bruk av kommersielle tilbydarar på institusjonsområdet vil krevje, om det skal gjennomførast innan utgangen av neste stortingsperiode. Eg vil understreke at eit slikt mål vil vere avhengig av tilgang på relevante bygg, kompetent personell og tid til å etablere eit fagleg godt og robust tilbod i den einskilde institusjonen, og ikkje berre faktiske midlar. Det er òg ein føresetnad at bruk av kommersielle tilbydarar ikkje blir redusert før ein har fått bygd opp tilsvarande statlege eller ideelle tilbod.
Dersom ein likevel ser bort frå risikoen og usikkerheitene i forutsetningane nemnt over, og med utgangspunkt i dagens rammer for institusjonar, kan ein sjå reint teknisk på finansieringsbehova for å byggje opp naudsynt kapasitet i statleg regi og i regi av ideelle leverandørar. Per første tertial i år utgjorde den ideelle andelen institusjonsplassar om lag 26 prosent, den statlege andelen om lag 39 prosent og kommersielle 35 prosent. Dersom behovet for plassar framover er om lag som i dag, vurderer Bufdir at dei kommersielle plassane til dømes kan erstattast av 184 nye statlege plassar i 55 institusjonar og 70 ideelle plassar i 21 institusjonar. Det kan til dømes oppnåast gjennom å etablere 14 statlege institusjonar per år, og 330-360 årsverk per år må rekrutterast. I tillegg må dei ideelle leverandørane i så fall rekruttere 520-550 årsverk til sine 21 institusjonar i løpet av 4 år Dette vil bety fleire institusjonar enn i dag, for å erstatte enkeltkjøp. Gitt at alle forutsetningar om bygg og kompetanse osv. innfris, og påpeika risiko ikkje inntreff i særleg grad, anslår Bufdir på usikkert grunnlag eit finansieringsbehov på 1,5 mrd. kroner over fire år og ein varig kostnadsauke på 550 millionar kroner, men direktoratet vurderer samstundes ei slik oppbygging på fire år som urealistisk. Ei eventuell utfasing av kommersielle leverandørar blir derfor vurdert å måtte gjerast over lengre tid enn ut neste stortingsperiode, det må planleggjast nøye og det krev ei tydeleg og forpliktande finansiering, særleg i omstillingsfasen. Etter omstillinga vil ein ta ned kostnader ved reduksjon av dyre einskildskjøp.
Eg vil til slutt vise til at situasjonen på institusjonsområdet no er at det er store utfordringer med varetaking av bistandsplikta, noko som set både kommunar, barn og familiar i vanskelege situasjonar. Samstundes har det over tid vore behov for ekstraløyvingar grunna auka behov for einskilde typar plassar og høgare prisar.
Ei hovudmålsetjing framover er difor å leggje til rette for betre varetaking av bistandsplikta, auka kapasitet i institusjonsbarnevernet og å støtte opp om betre kostnadskontroll. Vidare oppbygging av statleg kapasitet skal prioriterast. Regjeringa ønskjer eit langsiktig og betydeleg innslag av ideelle aktørar. Dei overordna måla inneber òg at det framleis vil vere behov for private, kommersielle aktørar i statleg barnevern framover, og det skal leggjast til rette for at aktørane kan byggje langsiktig kapasitet.