Olve Grotle (H): Fiskeri- og havminister har tidlegare blitt utfordra på å omgjere vedtaket om nedtrekk på 6 % av tillatt produksjonskapasitet i produksjonsområdene 3 (fra Karmøy til Sotra) og 4 (Nordhordland til Stad), utan at det har blitt gjort. Eg legg til grunn at ministeren likevel fortløpande vurderer om det er grunnlag for dette.
Vil fiskeri- og havministeren uavhengig av dette vurdere å utsette nedtrekket PO3 og PO4 til 1. april 2025?
Begrunnelse
Produksjonskapasiteten i P03 og P04 er vedtatt nedtrekt med 6 %. Tatt omsyn til tidlegare nedtrekk, tilseier dette eit samla nedtrekk på hhv. 12 % og 18 %.
Fiskeri- og havministeren har den 6. mars i år grunngitt nedtrekket med at:
"Det bekymrer (…) at påvirkningen fra lakselus øker i flere områder, og at dette skjer på tross av at målet er å redusere påvirkningen. Dersom næringen skal kunne vokse, er den nødt til å gjøre endringer for å redusere utslipp av lakseluslarver fra anleggene".
Analyseselskapet Manolin har etter det eg har fått opplyst påvist at selskapa i PO3 og PO4 har klart å redusere antallet lus i anlegga i tidsrommet hvor vill laksesmolt vandra ut, med hhv 34,4 % og 41,2 % i åra 2017-2023.
Vidare blir det frå næringshald gjort gjeldande at Trafikklyssystemet sine modellar og estimat for påverknad frå lakselus frå oppdrettsnæringa på utvandra villakssmolt, ikkje har klart å påvise samanheng mellom lusenivå i oppdrettsanlegg og lusepåslag på utvandrande smolt. Det blir vidare hevda at det heller ikkje er påvist samanheng mellom estimerte lusenivå og dødeligheit på utvandrande smolt og innsig av villaks frå havet i det påfølgande år, og heller ikkje er det påvist samanheng mellom nedtrekt volum i PO3 og PO4 og redusert dødeligheit på utvandrande smolt.
Regjeringa arbeider nå med to saker som begge vil endre eller sterkt påverke reguleringa av produksjonskapasiteten i oppdrettsnæringa. For det første skal regjeringa etter anmodningsvedtak frå Stortinget levere ei miljøfleksibilitetsordning i år, som òg skal omfatte nedtrekt volum. For det andre skal regjeringa levere ei Havbruksmelding neste år.
Det vil derfor vere naturleg å vurdere ei utsetting av iverksettinga av det siste vedtaket om nedtrekk.
Frå næringshald blir det gjort gjeldande at ei slik utsetting til 1. april 2025, ikkje vil gi auka miljømessige utfordringar for villaks og sjøørret, sidan villaksen fram til då vil vere i elvane eller ute i havet, og at hovuddelen av sjøørreten vil vere i elvane. Det blir òg peika på at å effektuere nedtrekket nå, vil gi lågare vekt for fisken som må takast ut av sjøen nå. Det vil gi i færre individ og lågare slaktevekt gjennom vinteren, og mindre råstoff til bearbeiding og svekka grunnlag for sysselsetting og økonomisk utvikling langs kysten.