Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:2741 (2023-2024)
Innlevert: 09.09.2024
Sendt: 09.09.2024
Til behandling

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Ein 22-åring frå USA vart nylig henta av politiet på eit småbruk i Innlandet og utvist frå Noreg, skulda for å arbeide ulovleg. 22-åringen deltok på eit studieopplegg i regi av den internasjonale utvekslingsorganisasjonen WWOOF, etablert i 1971 og med aktivitet i over 130 land, for å lære om økologisk landbruk.
Meiner statsråden at deltaking på denne type utvekslingsprogram i Noreg, som einaste land i Europa, skal sidestillast med arbeidsinnvandring slik at folk risikerer å bli arresterte og utvist frå Schengen?

Begrunnelse

Worldwide Opportunities on Organic Farms (WWOOF) er ei verdsomspennande rørsle som byggjer bru mellom besøkande og bønder. Organisasjonen formidlar kultur- og kunnskapsutveksling, og eit globalt fellesskap som jobbar for økologisk jordbruk over heile verda. WWOOF vart grunnlagt i 1971 og er blant dei første og mest veletablerte utdannings- og kulturutvekslingsprogramma i verda.
Kjelde for saka eg syner til i spørsmålet om 22-åringen frå USA som vart henta av politiet og utvist frå Noreg, er reportasje på NRK Innlandet publisert fredag 6. september.
På nettsida til WWOF kan ein no lesa ei eiga åtvaring om at deltakarar i utvekslingsprogrammet som ønskjer å lære meir om økologisk landbruk i Noreg kan bli arresterte, fordi norske styresmakter krev arbeidsvisum for å delta i utvekslingsprogrammet frå land utanfor Schengen. Ingen andre land i Europa praktiserer det same, i følgje WWOF.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig