Olve Grotle (H): Kva vil statsråden gjere for å sikre berekraftig kystfiske etter pelagiske artar som brisling, makrell, hestmakrell og sild utanfor vassdrag med oppgang av anadrom laksefisk?
Begrunnelse
Notfiske etter pelagiske artar er svært viktig for kystfiskeflåten. I pelagiske fiskeri er ein avhengig av å fiske på det tidspunktet og staden der fisken er tilgjengelig, då dette er vandrande artar.
Statsforvaltarar har etter nye retningslinjer frå Miljødirektoratet i 2021, revidert sine forskrifter om regulering av fiske utanfor vassdrag med anadrome laksefisk. Forskriftene har som føremål å verne anadrom laksefisk ved mellom anna etablering av munningsfredingssoner med restriksjonar på fiskeaktivitet. Verneforskriftene forbyr i ulik grad mellom anna notfiske etter brisling, makrell, hestmakrell og sild.
Notfiske, inkludert fiske med lys, er effektive fiskeri med minimalt bifangst. Det er ingen statistikk, forskingsrapportar eller anna dokumentasjon som tilseier at bifangst av anadrom laksefisk i notfiske etter pelagiske arter er eit reelt problem. Det er derimot dokumentert at fisket med nót etter pelagiske artar er svær miljøvenleg form for mathausting, med tanke på lågt forbruk av drivstoff. Dersom område der stimar står samla blir utilgjengelege, risikerer ein mindre effektivt og mindre miljøvenleg fiske i form av meir leiting og færre mengder fisk per fangst.
Det er fiskerimyndigheitene som er ansvarleg for forvalting av mellom anna fisket etter saltvassartar. Likevel har ein her eksempel på at miljømyndigheitene utan tilstrekkeleg grunnlag skapar restriksjonar for miljøvenleg yrkesfiske etter pelagiske artar.