Sveinung Rotevatn (V): Vil statsråden klargjere om det er lovleg å selje alkohol frå ubemanna nærbutikkar, og legge fram ei lovendring som legg til rette for dette dersom så ikkje er tilfelle?
Begrunnelse
Om lag 100 butikkar i landet har installert system for ubemanna drift på tider av døgnet der det ikkje svarar seg å ha tilsatte på jobb, der moglegheit for sal av aldersbestemte varer som alkohol inngår i tilbodet.
For å sikre at kundane er gamle nok til å kjøpe aldersbestemte varer, er det typisk installert eit system med kameraovervaking, app-varsling til butikkeigar, automatisk fingeravtrykk-godkjenning eller manuell kontroll av legitimasjon via kameraoverføring.
Desse systema er installert med støtte frå det statlege Merkur-programmet, og dei melder sjølve til NRK at dei ikkje har nokon merknadar om at sal ikkje skal ha gått føre seg i tråd med lovverket.
I følgje NRK Vestland meiner Helsedirektoratet at denne typen alkoholsal er ulovleg, og det skapar uro i mange bygdesamfunn der ein eit fungerande nærbutikktilbod er ein viktig del av samfunnsinfrastrukturen som gjer spreidt busetnad mogleg.
Eg ber statsråden klargjere om slike butikkar, med trygge rutinar for alderskontroll, driv i tråd med gjeldande lovreglar. I motsett fall bør regjeringa utan tarvlaus dryging legge fram ei lovendring for Stortinget slik at denne typen populære og velfungerande tilbod kan oppretthaldast.