Skriftlig spørsmål fra Tobias Drevland Lund (R) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2709 (2023-2024)
Innlevert: 05.09.2024
Sendt: 05.09.2024
Besvart: 12.09.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Tobias Drevland Lund (R)

Spørsmål

Tobias Drevland Lund (R): Vil regjeringen dekke alle de ekstra kostnadene kommunene, blant annet i Telemark, har hatt de siste dagene knyttet til flom og styrtregn?

Begrunnelse

De siste dagene har flere medier dekket de store skadene som har kommet på grunn av styrtregn og flom i flere kommuner, blant annet i Telemark. NRK Vestfold og Telemark skriver i dag (05.09) om at områdene som er verst rammet er Midt-Telemark, Drangedal, Notodden og Nome og at her har kommunene satt krisestab. Selv om omfanget av ekstremværet Hans var større, kom regjeringa den gangen med ekstra midler for å kompensere utgiftene kommunene hadde hatt gjennom skjønnsmidler hos statsforvalterne. Det vil derfor være interessant å høre om regjeringa i dette tilfellet også vil kompensere kommunene for merutgiftene de har, slik at uværet ikke skal gå på bekostning av tjenestene kommunen tilbyr og annen drift.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Kommunal- og distriktsdepartementet fordeler årleg ein del av rammetilskotet til kommunar etter skjøn. Ein del av skjønstilskotet vert halde tilbake av departementet for å kompensere for kostnader ved uventa hendingar, fortrinnsvis naturskadar, etter søknad. Kompensasjonen vert gitt etter retningslinjer sett av departementet. Kommunane som vart ramma av styrtregn og flaum kan søkje om skjønstilskot frå departementet for dekkje meirutgifter knytt til dette. Kommunal- og distriktsdepartementet har førebels ikkje motteke søknadar frå kommunane i Telemark knytt til flaumen i sommar, og departementet vil handsame eventuelle søknadar ut frå dei fastsette retningslinene for skjønstilskotet. Under gjer eg greie for gjeldande retningsliner og regelverk for skjønstilskotet.
For søknader om skjønstilskot etter naturskade er det etablert praksis at departementet gir kompensasjon for ekstraordinære utgifter knytt til den akutte situasjonen, opprydding og/eller til tilbakeføring av kommunal infrastruktur til opphaveleg standard. Utgifter utover normal kommunal/fylkeskommunal drift og vedlikehald vert rekna som ekstraordinære utgifter. Der kompensasjon er gitt for reparasjonar, skal dette i hovudsak dekke skadar på infrastruktur som er kritisk for at kommunane og fylkeskommunane kan yte lovpålagde tenester. Utgifter til førebyggande tiltak er ikkje omfatta av skjønsmiddelordninga. Det er utgifter som gjeld infrastruktur i kommunalt/fylkeskommunalt eige som vert kompensert gjennom skjønsmiddelordninga.
Kommunane må søkje om skjønsmidlar frå departementet gjennom statsforvaltaren. Kompensasjon for naturskade for relativt små beløp vert handsama og finansiert innanfor den basisramma som statsforvaltarane har. Søknader om større beløp går til vidare handsaming i departementet. Kommunar som har utgifter som i sum overstig 250 kroner per innbyggar, kan få ein kompensasjon som dekker halvparten av utgiftene. Om utgiftene overstig 500 kroner per innbyggar, kan kommunane få dekt alle utgifter utover 250 kroner per innbyggar.
Fylkeskommunar som har utgifter som overstig 150 kroner per innbyggar eller 75 millionar kroner, kan søkje om å få kompensert delar av dei påførte utgiftene. Fylkeskommunane søker direkte til Kommunal- og distriktsdepartementet, som vurderer behovet for skjønstilskot i kvart enkelt tilfelle.