Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:2700 (2023-2024)
Innlevert: 04.09.2024
Sendt: 05.09.2024
Til behandling

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kva dokumentasjon og faktagrunnlag har Finansministeren for å påstå at dagens ordning med skattlegging av kompetansepåfyll for nytilsette (ettårskravet) «hindrer omgåelse av skattesystemet», kva type «omgåelse» er det statsråden meiner, og kvifor meiner finansministeren at han og Finansdepartementet er betre skikka enn ein arbeidsgivar til å vurdere om ettårskravet gir «større sikkerhet for at kompetansen som arbeidsgiver investerer i, gir avkastning og helst forblir i bedriften».?

Begrunnelse

I august utfordra eg statsråden på å sjå med nye auge på dagens skattereglar for kompetanseheving av nytilsette, jmf Dokument nr. 15:2507 (2023-2024).
At tilsette får meir kompetanse, bør generelt sett vere eit gode både for dei tilsette og verksemda dei er tilsett i. I dag er det slik at tilsette som har vore tilsett under eitt år i ei verksemd og får kompetansepåfyll betalt av arbeidsgivar, blir skattlagt for kompetansen på lik linje med lønnsinntekt.
I grunngivinga for å halda fram med dagens ordning, peikar statsråden på at han meiner dagens reglar bidreg til å hindra omgåelse av skattesystemet vårt, og at vilkåret avgrenser høvet til å tilsetja og lønna personar som er i slutten av dyre utdanningsløp gjennom dekking av utdanningsutgifter framfor ordinær skattepliktig lønn.
Statsråden antyder også at arbeidsgivarar som gir nytilsette kompetansepåfyll ikkje veit sitt eige beste, jmf formuleringa i svaret om at ettårskravet gir «større sikkerhet for at kompetansen som arbeidsgiver investerer i, gir avkastning og helst forblir i bedriften».

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig