Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2699 (2023-2024)
Innlevert: 04.09.2024
Sendt: 04.09.2024
Besvart: 11.09.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan vi be statsråden gjera greie for framdriftsplan for å ferdigstille reguleringsplan for Hordfast?

Begrunnelse

I Meld. St. 14 (2023–2024)
Nasjonal transportplan 2025–2036 som regjeringa har lagt fram for Stortinget finn vi å lese:

«Reguleringsplan for Hordfast er nær ferdig ved inngangen av planperioden, og regjeringen legger opp til at denne fullføres. Dette vil gi det beste grunnlaget for å vurdere prosjektet ved en senere rullering av porteføljen når handlingsrommet tillater det.»

Vi ber derfor om SVV/statsrådens vurdering på milepåler og framdriftsplan for arbeidet.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Reguleringsplanen for Hordfast er nær klar. Ferdig reguleringsplan gjev grunnlag for å vurdere prosjektet ved en seinare rullering av porteføljen om handlingsrommet tillèt det.
Forslaget til reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn er forventa ferdig for oversending frå Statens vegvesen til departementet i haust.
Vidare framdrift er avhengig av Samferdselsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet si handsaming av planen. Milepålane fram mot vedtak av reguleringsplan er:
• Vedtak om høyring og offentleg ettersyn
• Høyring og offentleg ettersyn av reguleringsplanen
• Handsaming av innkomne merknader inkludert evt. justering av plan
• Vedtak av reguleringsplan
I ein så omfattande plan må ein rekne med noko ekstra tid til tilrettelegging av materiale for høyring, ein må rekne nokre ekstra veker på sjølve høyringa og det er forventa at det kjem mange innspel som skal svarast ut. Det er Statens vegvesen som sakshandsamar merknadane.