Birgit Oline Kjerstad (SV): Det nederlandske datatilsynet (DPA) har nyleg gitt taxiselskapet Uber ei bot på 290 millionar euro for å ha overført personinformasjon om europeiske sjåførar ulovleg til USA.
Kva blir gjort for å kontrollere at teknologiselskap ikkje bryt reglar for overføring av personopplysninger her i landet?
Begrunnelse
26. august melde TV2 at det nederlandske Datatilsynet har gitt taxiselskapet Uber 290 millionar euro i bot. Uber har fått bota fordi selskapet i ein periode på to år skal ha delt data om drosjelisenser, stadsdata, id-papir, betalingsinformasjon og i nokre tilfelle også informasjon om kriminell og medisinsk historie til sjåførane med amerikanske servarar. Styrleiar i det nederlandske datatilsynet seier at det som har skjedd er svært alvorleg, og at det som har skjdd er eit brot på EUs personvernforordning (GDPR).