Skriftlig spørsmål fra Kathy Lie (SV) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2660 (2023-2024)
Innlevert: 30.08.2024
Sendt: 30.08.2024
Besvart: 09.09.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kathy Lie (SV)

Spørsmål

Kathy Lie (SV): Hvor mye penger er gitt til å bygge opp en sterkere offentlig barneverntjeneste siden regjeringen Støre overtid i 2021, hva har resultatet vært, og hva skal til for å få fortgang i å få etablert flere institusjonsplasser i offentlige regi?

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Det har i åra sidan 2021 vore fleire styrkingar til statleg forvaltning av barnevernet. Eg tolkar spørsmålet som om det dreiar seg om styrking av statleg kapasitet i institusjonsbarnevernet.
Situasjonen i institusjonsbarnevernet no er at det ikkje er høg nok beredskap, særleg i akutte saker og i tilbodet til barna med størst behov. Regjeringa vil styrke det offentlege tilbodet for å sikre at barn får den trygge plassen dei treng. Denne oppbygginga må gjerast over tid. Dei statlege institusjonane skal styrkast for å kunne ta vare på barna med dei største utfordringane. Dette er ei tilnærming som er fagleg forankra, og Stortinget har slutta seg til det. Reint fagleg bør det være ein høg terskel for bruk av private overfor særleg utsette brukarar der graden av kompleksitet, risiko og utøving av myndigheit er høg. Dette var også Velferdstenesteutvalet tydelege på.
Det statlege institusjonsbarnevernet har blitt styrka i fleire omgangar sidan 2021. I 2022 vart det løyvd 160 mill. kroner til styrking og omstilling av statlege barnevernsinstitusjonar. I 2023 vart det løyvd 60 mill. kroner i samband med RNB til omstilling av statlege institusjonar og gradvis utfasing av kommersielle institusjonsplassar. I 2024 er det løyvd 60 mill. kroner ytterlegare til omstilling og styrking av statlege barnevernsinstitusjonar. Det har også vore fleire andre styrkingar gitt til det statlege institusjonsbarnevernet i desse åra. Det er gitt auke i løyvingar til oppbygging av ideelle institusjonsplassar, og det har også blitt gitt aukar i løyvinga grunngitt i høgare utgifter, grunna mellom anna høgare prisar, større behov hos barna og fleire og dyrare einskilde kjøp. Seinast i 2024-budsjettet vart det lagt inn totalt 582 mill. kroner i auke frå Saldert budsjett 2023 Midlane har vorte brukt til å auke bemanninga i dei statlege institusjonane, styrkje kompetansen deira og gjere tilpassingar i bygningane som skal gi auka fleksibilitet og funksjonalitet i tråd med intensjonane i omstillinga. Midlane har også gått til etablering av støtteteam, vakne nattevakter, branntryggleikstiltak og andre tiltak som har sikra kvaliteten og tryggheita i eksisterande institusjonsplassar. Behovet for ei sterk utviklingsstøtte til det einskilde barn har også ført til at enkelte institusjonar i periodar har hatt færre barn enn talet på plasser skulle tilseie, og snittprisen pr. plass har auka. Auken i snittpris har vore størst på dei kommersielle plassane
Det samla talet på plassar i institusjonsbarnevernet er om lag uendra i perioden 2021-2024, men grunnkapasiteten (stat, ideelle og kommersielle med kjøps- og leveransegaranti) har auka med 64 plassar. Kapasiteten i tilbodet til barna med dei største behova, er òg auka. Det er etablert 8 nye statlege behandlingsplassar, som i hovudsak vart etablert gjennom omstilling frå andre målgrupper til plassar som kan ta i mot barn med høgare behov Vi ser no ein nedgang i antal brannar, og kapasitetsutnyttinga i statlege plassar har auka frå 76 % i 2021 til 79 % ved utgangen av 1. tertial 2024.
Samtidig har Bufetat framleis utfordringar med å ivareta bistandsplikta. Frå januar 2023 til og med juli 2024 har Bufetat rapportert om 280 saker der etaten sjølv vurderer at dei ikkje har levert forsvarleg tiltak i tide. Situasjonen er alvorleg, og det er tett dialog mellom departementet og Bufdir om utviklinga og tiltak. Bufdir har etter bestilling frå departementet utarbeidd ein plan for varetaking av bistandsplikten som gjeld for 2024 og 2025. Planen er no til vurdering i departementet.
Den vidare utviklinga av institusjonsbarnevernet skal skje i lys av regjeringas strategi for institusjonsområdet, og vidare statleg kapasitet skal prioriterast Oppbygging av nye statlege institusjonsplassar vil krevje ytterlegare auka løyvingar, særleg i ei omstillingsfase. Desse vil på sikt erstatte dyre einskildskjøp. Regjeringa sine prioriteringar på område for neste år blir offentleg i statsbudsjettet for 2025.