Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til finansministeren

Dokument nr. 15:2659 (2023-2024)
Innlevert: 30.08.2024
Sendt: 30.08.2024
Til behandling

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Kan Finanstilsynet nekta innsyn i korrespondanse mellom seg og føretak dei er sett til å føra tilsyn med, og meiner finansministeren at det er tenleg med hemmeleghald om ei sak som kan ha stor prinsipiell og lokal interesse?

Begrunnelse

Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå forvaltar den eigenkapitalen i Jæren Sparebank som er bygd opp i Time og Hå. Sparebankstiftinga har og i oppgåve å disponera overskot og dela ut gåver til allmennyttige føremål. Vedtektene og retningslinjene slår fast at gåvene primært skal gå til det distriktet som har bygd opp eigenkapitalen, altså kommunane Time og Hå. Prioriterte gåveføremål er oppvekstmiljø, idrett, kultur og friluftsliv. Retningslinjene slår fast at det ikkje vert gjeve gåver til drift eller direkte næringsverksemd. Som allmennyttig stifting er sparebankstiftinga skattefri.
I 2022 etablerte Sparebankstiftinga ei ny stifting: Lokalkapital Jæren. Lokalkapital Jæren har i perioden 2022 – hittil i 2024 mottatt 17 millionar av Sparebankstiftinga, av totalt 42 millionar i utdelte gåver i same periode. Lokalkapital Jæren skal investera i oppstarts- og vekstselskap i kommunane som Jæren Sparebank til ei kvar tid definerer som nedslagsfeltet sitt. For tida er dette kommunane Time, Klepp, Hå og Gjesdal. Ved etableringa vart det slått fast at den nye stiftinga i motsetning til sparebankstiftinga er ei skattepliktig stifting. Samtidig kjem alle pengane frå den skattefrie stiftinga.
I mars 2023 vart det sendt ei bekymringsmelding til Finanstilsynet med ønske om å få vurdert om den geografiske avgrensinga av gåvetildelinga til sparebankstiftinga er ivaretatt i Lokalkapital Jæren sine vedtekter (jf. også finansforetaksloven §12-26, punkt 3), om samansetting av styre og råd i Lokalkapital Jæren er i tråd med lovverket, og om Sparebankstiftinga Time og Hå i det heile kan gi gåver til Lokalkapital Jæren så lenge føremålet til sistnemnte ikkje er i tråd med føremålet til førstnemnte.
Verken varslar eller advokatfirmaet som sendte bekymringsmeldinga har fått svar frå Finanstilsynet, og fekk på førespurnad på nyåret 2024 ingen opplysingar om status eller resultat i saka. Finanstilsynet sendte på grunnlag av bekymringsmeldinga spørsmål til sparebankstiftinga i november 2023, og skal ha fått svar på desse. Men Finanstilsynet har på spørsmål frå journalist i Stavanger Aftenblad avslått å gi innsyn i denne saksgangen.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig