Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:2641 (2023-2024)
Innlevert: 29.08.2024
Sendt: 29.08.2024
Besvart: 05.09.2024 av næringsminister Cecilie Myrseth

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kjøtprodukt blir seld med store tap og subsidiert med milliardbeløp i norske matvarebutikkar. Det må matkjedene ta igjen på andre måtar, slik at m a frukt og grønt er langt dyrare i butikk enn det burde vere. Det gjer det dyrt og vanskelig for folk flest å følge nye kosthaldsråd.
Vil næringsministeren saman med helseministeren ta initiativ til eit møte med dei store daglegvarekjedene for å bli enige om ein praksis der vi får slutt på at kjøt blir seld med store tap - og frukt og grønt som følge av det blir dyrare enn nødvendig?

Begrunnelse

Kjelde for påstanden om at kjøt blir seld med store tap og subsidiert med milliardbeløp i norske matvarebutikkar: Intervju med Reitans konsernsjef i Podkasten «Innen 2030 med Hanne-Lene», publisert 28. august 2024.

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Eg er positiv til initiativ som støttar opp om kosthaldsråda. Det er bra for folkehelsa. Det kan også bidra til økt bruk av frukt og grønsaker som er produsert i Noreg.

Prisfastsetjing i daglegvarebransjen, så vel som i andre forbrukarmarknader, er resultat av konkurranse og forbrukarane sine preferansar. Undersøkingar viser at pris er ein av dei viktigaste faktorane for val av matvarer. Det er difor uheldig dersom prisen på produkt vi ønskjer at befolkninga skal ete mindre av er uforholdsmessig låg og omvendt for matvarer vi ønskjer at befolkninga skal ete meir av. Ekspertgruppa som leverte rapporten sin om kostnadseffektive kosthaldstiltak i januar i år, peikte på at det er viktig å leggje samfunnet til rette på ein slik måte at forbrukar både har moglegheit, evne og motivasjon til å ta gode kosthaldsval. Dei peikte og på nødvendigheita av å betre utnytte potensialet i strukturelle verkemiddel som kan påverke matomgivnadene våre i ei retning som fremjar sunnare matval. Strukturelle verkemiddel antakast å vere meir effektive på samfunnsnivå og utjamne sosiale forskjellar i kosthald i større grad enn individuelle tiltak. Prisverkemiddel er eitt av fleire supplerande tiltak ekspertgruppa har foreslått.

Prisregulering er eit inngripande tiltak med risiko for utilsikta verknader. Dersom ei prisregulering skal verke etter formålet krev det grundig utgreiing for å sørgje for at tiltaket ikkje går lenger enn nødvendig og er forholdsmessig. Det vil vere svært utfordrande å fastsetje nøyaktig kva prisnivå som er det «riktige». Det kan også gi insentiv for aktørar til å omgå reguleringa, og kan difor krevje store ressursar å handheve.

Det er heller ikkje slik at det er gitt at ei prisregulering av kjøt vil innebere lågare prisar for frukt og grønt. Dette avheng av korleis daglegvarekjedene set prisane på frukt og grønt. Det er dermed ein risiko for at prisregulering på kjøt kan gje auka prisar til forbrukarane samla sett.

Redusert meirverdiavgift på frukt og grønt har også usikre verknader. Om redusert meirverdiavgift på frukt og grønt vil kome forbrukarane til gode avheng av i kva grad avgiftsreduksjonen overførast til forbrukarane. Her speler konkurransesituasjonen i daglegvarebransjen ei viktig rolle. Det er fleire forhold ved daglegvarebransjen som indikerer at det er svak konkurranse. Dette kan føre til at effekten av redusert meirverdiavgift på frukt og grønt ikkje vil ha den ønska effekten.

Omsynet til landbrukspolitiske målsetjingar må også takast med i vurderinga av reguleringar. Ei velfungerande verdikjede er viktig for norsk matproduksjon. For norsk jordbruk er målet å produsere det forbrukarane etterspør gjennom å ta i bruk det samla ressursgrunnlaget i heile landet. Regjeringa la i Meld. St. 11 (2023-2024) fram ein strategi for å nå eit mål om 50 prosent sjølvforsyning av jordbruksvarer innan 2035. Strategien fekk brei oppslutning i Stortinget. Hovudstrategien er å forbetre og auke produksjonen av planteprodukt, både til mat og fôr, samt oppretthalde den høge norskdelen av kjøt, mjølk og egg. Det er også vektlagt å styrkje jordbruket si konkurransekraft mot import slik at etterspørselen etter norske jordbruksvarer aukar.

Effektiv konkurranse kan føre til lågare prisar og betre utval, og regjeringa arbeider med ei rekkje tiltak for å betre konkurransen i daglegvarebransjen. Eitt av punkta i regjeringa si tipunktsplan for betre konkurranse i daglegvarebransjen inneber å finne ut meir om lønnsemd og marginar i bransjen. Konkurransetilsynet leverte før sommaren ein rapport som viste høy lønnsemd i daglegvarebransjen. Konkurransetilsynet sin rapport om produktmarginar skal etter planen bli oversendt departementet i haust.

Representanten spør om eg vil ta eit initiativ til eit møte med dei store daglegvarekjedene for å bli einige om å få slutt på ein praksis som inneber at kjøt blir selt med tap. Eit slikt møte kan fort utvikle seg til ein møteplass der daglegvarekjedene, som er konkurrentar i same marknad, kan diskutere prissetjing av kjøt. Dette er forretningssensitiv informasjon, som det av konkurranseomsyn er viktig at ikkje blir delt mellom konkurrentar. Deling av slik informasjon legg til rette for priskoordinering, som kan ha konkurranseskadelege effektar og føre til høgare prisar til forbrukarane. Samarbeid, for eksempel priskoordinering, som avgrensar konkurransen er forboden etter konkurranselova § 10. Forbodet mot konkurranseavgrensande samarbeid gjeld ikkje berre formelle avtalar, men også meir uformelt samarbeid, som for eksempel at konkurrentar i samforstand endrar prisane på varene sine. Eit slikt møte som representanten skisserer meiner eg difor ikkje er vegen å gå.

Regjeringa er oppteken av å støtte opp under kosthaldsråda, og vi ønskjer både innspel og samarbeid med relevante aktørar. Det inneber også å ha dialog med og møte ulike aktørar, og få innspela deira. Eg er difor positiv til eit møte der dette blir diskutert, men at det skjer innanfor rammene av blant anna konkurranselova.