Frank Edvard Sve (FrP): Korleis kan samferdselsministeren berre sitte stille og sjå på at Statens vegvesen region midt bryr seg null om kva regjering og Stortinget legg av føringar og krav i NTP, der Statens vegvesenet region midt åpenlyst berre fortsetter med Møreasken som om ingen ting har hendt, og framfører her omfattande igangsettingssøknad og fortsetter å påføre staten svært store utgifter til prosjektering, planlegging og altså nå omfattande byggjesøknad, i eit prosjekt som er fjerna heilt ut av NTP dei neste 12 åra?
Begrunnelse
Samferdselsministeren har ved to anledningar svart på spørsmål ang Møreaksen, der ministeren svarar at Statens vegvesen kan påføre staten kostnadar på prosjekt som ikkje ligg inne i NTP dei neste 12 åra.
Det er derimot svært spesielt at regjeringa har til dømes dei siste åra redusert planleggingsrammane berre i eit tilfelle med heile 30 %, noko som medførte utsettelse av planlegging, regulering og prosjektering av vedtekne prosjekt, prosjekt langt oppe på prioriteringslistene til Statens vegvesen sin handlingsplan.
Det er også ei kjensgjerning at Statens vegvesen sjølvsagt ikkje verken har mannskap eller kapasitet til å gjennomføre alle planlegging, prosjektering osv. på dei prosjekt som alt ligg inne i dagens NTP berre dei 6 fyrste åra, og det ligg heller ikkje til grunn at Statens vegvesen skal klare dette for prosjekta som ligg inne i dei neste 6 åra i planen.
Eg har tidligare stilt spørsmål om at Statens vegvesen region midt var illojal mot politiske vedtak, og at dette organet ikkje bryr seg om kva Stortinget eller regjering vedtek, prioriterar eller har av styringsgrunnlag.
I Bygdebladet og Romsdals budstikke den 23/8 kunne lesarane her i fylket sjå at prosjektleiarane i Statens Vegvesen region midt, orienterte om følgjande:
"MØREAKSEN: Statens vegvesen har nyleg sendt inn ein søknad om utfylling og mudring i sjøens som ein del av utbyggingsplanane for ny E39 mellom Vik og Molde.
Søknaden kommer i forbindelse med BYGGING av ny E39 Vik-Molde og fastlandsfrobindelse Otrøya-Gosseb. Søknaden gjelder tiltak i eller ved Grandfjæra vest, Julbøen, Nautneset, Vik, Storhaugsund, Flatholmsund og sør for Sessholmen i Molde, Vestnes og Aukra"
-Vi planlegger fram mot bygging og jobber fortsatt med prosjektet, seier prosjektleiaren.
Vidare står:
"Prosjektet inneber både utfylling på omlag 330 000 kubikkmeter og mudring av 1 500 kubikkmeter i sjøen.
Den omfattande utfyllinga og mudringa er ein del av arbeidet for å bygge eit fastlandsforbindelse mellom Otrøya og Gossen. Planane inkluderar bruk av lekter for å frakte muddermassar til eit dumpeområde sør for Sesshomlen, medan utfyllingsmassar blir transportert med lastebil."
Med andre ord, her er det ikkje snakk om berre "å påføre staten kostnadar" men full igangsetting av Møreaksen, utan løyvd ei kr.