Birgit Oline Kjerstad (SV): Meiner statsråden at det er trygt å returnere asylsøkjarar og barn til Libanon med den spente situasjonen i området og krigshandlingane der, og vil statsråden gjere noko for å utsette utreisedatoar og utsending av asylsøkjarar frå Noreg til Libanon no?
Begrunnelse
Situasjonen i Midt Austen er svært tilspissa, og dei siste dagane er det meldt om nye Israelske bombinger inn i Libanon. Faren for nye krigshandlinger og eskalering er til stades og situasjonen er uforutsigbar. NRK meldte i går, 25 august, at Israel har erklært unntakstilstand på grunn av konflikten med Hizbollah i Sør-Libanon, og det er frykt for at situasjonen kan eskalere. Søndag 25. august vart SV kontakta av lokal person i Lødingen kommune som reagert sterkt på at Norge har gjort vedtak om å utvise ei mor saman med sine to born til Libanon med utreisefrist 28. august. Det blir reagert sterkt på at familien skal rivast opp og sendast tilbake til eit land dit Utanriksdepartementet frårår norske borgarar å reise og til ein region som kan vere på randa av storkrig.