Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2616 (2023-2024)
Innlevert: 26.08.2024
Sendt: 26.08.2024
Til behandling

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan Statsråden forklare kva "fagleg begrunning" og kva faktabasert begrunnelse som direktorat/departement legg til grunn når vedtak om felling av Jerv i Rovviltnemnda region 6 vert overprøvd, når bestandsmåla for yngling av Jerv er totalt ute av kontroll, med så mange som 64 ynglingar i 2023, mot eit bestandsmål på 39, bør det vere ei svært god forklaring på kvifor forvaltninga av Jerv har kome så ut av kontroll, likeså ber eg Statsråden svare på kva statsråden har tenkt å gjere med gaupesituasjonen i Tingvoll kommune?

Begrunnelse

I fleire kommunar i Møre og Romsdal er rovdyrsituasjonen for beitenæringa dramatisk, med svært høge tapstall både til Jerv og Gaupe.
Bestanden av Jerv ligge skyhøgt over den fastsatte bestandsmålet jamf roviltforliket .
Det nasjonale bestandsmålet er på 39 ynglingar, medan det i 2023 er påvist heile 64 ynglingar. I region 6 er målet 10 ynglingar medan tallet i 2023 er på 14.
Dette er "registrerte" ynglingar, og det er åpenbart fleire ynglingar som aldri blir registrert.
Tapstall for sau i Rauma kommune og i Fjord kommune er svært høge, der gjennomsnittstap pr brukar var på ca 45% i desse kommunane i 2023, så mykje som 73% i enkeltbesetningar, medan ein opplever at miljødirektoratet overprøver Roviltnemnda sine vedtak på fellingsløyver, og reduserer antall løyver sjølv om bestanden av Jerv omtrent er ute av kontroll.
I lengre tid har ein registret at det ikkje er verken fagleg eller begrunna i vedteken bestandsmål for Jerv, dei vedtak Miljødirektoratet legg til grunn.

Denne forvaltninga frå departementet/direktoratet undergraver heile rovilltforliket og undergraver muligheiet for at det faktisk kan vere ei beitenæring i Møre og Romsdal.

Det er ei kjent sak at Jerv ikkje ser verken grenser eller noko vedtekne håplause grensesetting for beiteprioiterte områder og jerveprioiterte områder. Problemet er at beiteområda sjølvsagt er dei områda som også Jerven har som sine "kjerneområder", dette med bakgrunn i heilt naturlege årsaker.

Felling av Jerv er som kjent ei heller svært vanskeleg oppgåve, der det omtrent er som å jakte på eit "spøkelse".

løyvene som vert gjevne er svært vanskeleg å ta ut, og det er sjølvsagt enda verre når ein ikkje får kunne jakte der jerven faktisk har sine hovudområder.

Heile poenget er at direktoratet med sine stadige overprøvingar av Roviltnemndene, der fellingsvedtak blir endra og oppheva, slett ikkje står i stil med ei forvaltning av Jerven som i årevis har vore heilt ute av kontroll. Bestandstall for ant faktiske ynglingar viser dette klart og tydeleg.

Det same gjelder Gaupe, der til dømes situasjonen i Tingvoll kommune er totalt uholdbar, med haugevis av Gauper, store tapstall for Sau, og manglande løyver for å kunne felle fleire Gauper. Folket er lut lei, og i media blir situasjonen gjengjeven som prekær.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig