Ingrid Fiskaa (SV): Meiner utanriksministeren det vil vera klokt å kutta støtta til miljøorganisasjonar sitt arbeid med atomsikkerheit i Russland?
Begrunnelse
Noreg har i mange år arbeidd for atomsikkerheit og miljø i Russland, og arbeidet har gitt gode resultat. På grunn av den sikkerheitspolitiske situasjonen og den politiske utviklinga i Russland er dette bilaterale samarbeidet mellom norske og russiske styresmakter om atomsikkerheit lagt på is.
I den nye stortingsmeldinga «Internasjonalt samarbeid om atomsikkerhet og miljø i et endret Europa» skriv regjeringa at det bør vera ein ambisjon å gjenoppta atomsikkerheitssamarbeidet med Russland når den sikkerheitspolitiske situasjonen tillet det. Behovet for opprydding er framleis stort.
Sjølv om samarbeidet mellom styresmakter ikkje lar seg gjennomføra som før, vidarefører norske miljøorganisasjonar arbeidet sitt saman med samarbeidspartnerar i og utanfor Russland. Regjeringa skriv i meldinga at miljøorganisasjonar framleis kan ha ei rolle i å vidareutvikla kompetanse og informasjon om status i Nordvest-Russland, og at støtte til miljøvernorganisasjonar i Russland blir vurdert vidareført i den grad det er mogleg og det blir oppnådd resultat. Dei norske miljøorganisasjonane får gode tilbakemeldingar frå regjeringa på at dette er tilfelle.
Regjeringa skriv også at «vi bør se på hvordan vi kan opprettholde situasjonsforståelsen og kunnskapen vi tradisjonelt har hatt om atominstallasjoner og andre kilder til radioaktiv forurensing i Russland som kan ha konsekvenser for helse, miljø og næringsinteresser i Norge». Det er nettopp slik kunnskap dei norske organisasjonane kan bidra med, via sine russiske samarbeidsorganisasjonar.
Likevel har organisasjonane fått signal om at støtta til dette arbeidet blir kutta frå og med 2025. Dette verkar paradoksalt og i strid med signala regjeringa gir i stortingsmeldinga. Det vil også vera eit paradoks å straffa modige russiske sivilsamfunnsorganisasjonar, både i Russland og i eksil, som arbeider i opposisjon til dei russiske styresmaktene.