Sveinung Rotevatn (V): Kor mange og kva bygningar i statens eige i Oslo står tomme eller ubrukte, og kva planar ligg føre for å ta desse i bruk?
Begrunnelse
Leigemarknaden i Oslo er under stort press. 15.000 står i kø for å få plass i studentbustad, og mange av dei profesjonelle utleigarane sel seg ut av leigemarknaden. Å bygge nytt tar tid, og kan ha til dels store miljøkostnadar både i direkte og indirekte utslepp. I tillegg kjem ulike arealkonflikter. Samstundes veit vi at mange bygningar, både på privat og offentleg hand, til ei kvar tid står ubrukte. Staten er ein stor eigedomsforvaltar, og det er av interesse å vite kor stor del av porteføljen i Oslo som eventuelt ikkje er i bruk eller er planlagt for bruk i næraste framtid.