Birgit Oline Kjerstad (SV): Proba samfunnsanalyse har rekna ut at samfunnet sparer i underkant av 4 million kroner for kvar person som er omfatta av ordninga med varig lønnstilskudd frå NAV, samanlikna med full uføretrygd. Likevel er NAV-kontora sine økonomiske incentiv/fullmakter innretta slik at det blir «lønsamt» å uføretrygde.
Er dette noko statsråden snart vil rydde opp i?
Begrunnelse
Proba samfunnsanalyse har på oppdrag for Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjort ei evaluering av ordninga med varig lønstilskott frå NAV.
Varig lønnstilskott vil seie at Nav kostar ein del av løna til ein tilsett som er i arbeid, men som for eksempel på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting ikkje er like «effektiv» som andre tilsette.
Alternativet for mange av dei som får lønnstilskott er uføretrygd. Uføretrygd gir folk 66 prosent av løna dei hadde før dei vart uføre, medan med ordninga med varig lønnstilskott vil dei få utbetalt vanleg – full - løn for arbeidet sitt.
Full uføretrygd er ei dårligare løysning både for dei det gjeld og for samfunnsøkonomien, seier samfunnsøkonom Audun Gleinsvik til Dagsavisa 17 august i år.
Dei lokale NAV-kontora avgjer kven som skal få varig lønstilskott – eller ikkje – og betaler for det, medan uføretrygd flyttar kostnadene oppover: til NAV sentralt.
Med andre ord er dei økonomiske incentiva lagt til rette for å uførtrygde heller enn å gi lønstilskott slik at personen kan fortsette i arbeid.
– NAV-kontora er difor forsiktige med å bruke varig lønnstilskott. Det fører til at fleire må søkje om uføretrygd, når dei heller kunne ha søkt om varig lønstilskott, påpeikar Gleinsvik.
Proba samfunnsanalyse har rekna ut kva samfunnet sparer i kroner og øre på varig lønnstilskott, samanlikna med full uføretrygd:
I underkant av 4 millionar kroner for kvar tildeling.