Skriftlig spørsmål fra Dag-Inge Ulstein (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2580 (2023-2024)
Innlevert: 19.08.2024
Sendt: 20.08.2024
Besvart: 26.08.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Dag-Inge Ulstein (KrF)

Spørsmål

Dag-Inge Ulstein (KrF): Korleis planlegg statsråden å sikra at omlegginga av postdistribuering er i samsvar med intensjonen bak stortingsvedtaket fra 2019, slik at det ikkje blir forskjellar blant kommunar og at staten bidreg til å styrkja ein utanforskap hos enkelte gjennom ulik tilgang på informasjon?

Begrunnelse

Frå 1. juli i år er det gjort ei endring av Posten sitt tilbod når det gjeld utlevering av aviser til husstandar. Det er ikkje slik lenger at dei som er avhengig av Posten, dvs. landpostbodruter, får aviser kvar dag. (Laurdagane er som før, og i samsvar med stortingsvedtak, utført av eige bod). Landpostbodet leverer framleis ut aviser til butikkane og til dei som har eigen postboks kvar dag. Dette verkar å vere ei medviten forskjellsbehandling av folk som bur i distrikta, og då særleg dei som bur spreiddbygt. Det verkar også rart at stortinget kan krevja at avisene sjølve leverer ut om laurdagane, når staten sjølv, ved Posten, ikkje er pålagt det samme på alle andre kvardagar.
Svært mange lokalaviser har tilpassa seg, og kjem berre ut på to eller tre dagar i veka. Men postkundar i distrikta får altså ikkje nasjonale dagsaviser kvar dag lenger. Svært mange har tilgang til digitale aviser. Vi veit likevel at for mange blir avislesinga redusert og meir overflatisk ved at ein berre les nyhenda på nett, for ikkje å snakka om «langlesing» / fordjuping. Det er og ei demokratisk utfordring at informasjon ikkje blir likt tilgjengeleggjord i heile landet. Vi veit det er ein stor forskjell i digital kompetanse blant eldre, og at denne kompetansen er dårlegare i distriktskommunar. Derav har resultatet av omlegginga skapt større forskjellar og ein utanforskap for enkelte eldre.
Dette verkar ikkje å vera intensjonen til lovendringa i 2019, og det verkar som departementet har late posten få ein større fridom i mandatet sitt til å tolka lova utover det som var tenkt.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det er viktig for regjeringa at alle som bur i Noreg har tilgang på oppdatert informasjon og offentlege meiningsutvekslingar på både det lokale og nasjonale plan. Til forskjell frå dei regionale- og riksdekkjande avisene, manglar gjerne lokalavisene substitutt i TV og Radio. Det er derfor særleg viktig at staten sikrar distribusjon av desse til alle i heile landet. Dette motverkar utanforskap og sikrar moglegheit til å delta i lokaldemokratiet, også for innbyggjarar som av ulike grunnar ikkje nyttar digitale flater kopla opp mot internett.
Mange rundt omkring i landet opplevde i perioden mars til juli i år å fullstendig mista avisdistribusjon utover vanleg postgang fordi det ikkje lenger var bedriftsøkonomisk lønnsamt for dei store mediekonserna å sørgja for distribusjon til adressene deira. Dette kjem av at papiravisene fell med ca. 10 % i opplag per år. I samråd med bransjeorganisasjonane, Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Landslaget for lokalaviser (LLA), som representerer avisene har Samferdselsdepartementet prioritert ei stor utviding av geografien for det statlege kjøpet slik at ingen vil mista avisdistribusjonen. Det statlege kjøpet dekkjer derfor med dei nye avtalene heile 40 % av postkassene i landet, der det tidlegare berre var 15-20 % som ikkje hadde tilgang på kommersiell distribusjon. Dagane tysdag, torsdag, fredag og laurdag er valde i samråd med bransjen for å treffa dei typiske utgivingsdagane for lokalavisene og sikra distribusjon på desse dagane til alle abonnentar.