Liv Kari Eskeland (H): Visar til at Vegdirektoratet ikkje vil godkjenna tiltaksplanen for oppgradering av Lærdalstunnelen. Grunngjevinga er det manglar rømmingsvegar.
Korleis vil statsråden fylgja opp kravet om rømmingsvegar og kva vil det ha seia for vidare framdrift i arbeidet med å sikra Lærdalstunnelen?
Begrunnelse
Tidsskriftet Byggeindustrien skriv på bygg.no at Vegdirektoratet ikkje vil godkjenna tiltaksplanen for oppgradering av Lærdalstunnelen. Grunngjevinga er det manglar rømmingsvegar.
Vegdirektoratet oppmodar om at det det vert arbeidd vidare med å finna tiltak som tilfredsstiller krava i føresegnene om tunneltryggleik. Direktoratet peikar vidare på at det er Samferdsledepartementet som eventuelt må søkja om unntak frå EU sitt tunneldirektiv.