Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram utviklinga for vegvedlikeholdsetterslepet for fylkesvegane for åra 2021, 2022, 2023, og så langt i 2024, og kor mange meter ny fylkesveg, gang og sykkelveg samt meter asfalt som er lagt i dei ulike fylka for kvart av desse åra fordelt pr fylke?
Begrunnelse
Samferdselsministeren skryter i eit lesarinnlegg som er sendt til landets aviser over regjerninga sin påståtte satsing på fylkesvegane.
Fylkesvegane sitt vegvedlikeholdsetterslep har auka kraftig på dagens regjering si vakt, samtidig som fylkeskommunane sin økonomi har blitt kraftig forverra.
Dei samla kostnadane for driftsutgiftene til fylkeskommunane har også auka kraftig med dagens regjering sin politikk, som spesielt slår alvorleg ut i negativ retning innan samferdselområdet i fylka gjeldande vegvedlikehold, kollektiv, ferjedrift samt generell drift.