Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2548 (2023-2024)
Innlevert: 15.08.2024
Sendt: 15.08.2024
Besvart: 22.08.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministren forklare kvifor kollektivtilbodet er dårlegare i dei største byane i 2024 enn i 2019, og er det ikkje å lure folket når regjeringa har auka bompengane i byane medan kollektivtilbodet har blitt dårlegare og dyrare?

Begrunnelse

I ein rapport frå TØI i oppdrag frå NAF kjem det fram at kollektivtilbodet er dårlegare og mindre konkurransedyktig i 2024 enn i 2019 i dei største byane her i landet.
Samtidig har vi ei regjering som ikkje synest å ha interesse av å satse på samferdsel, vegbygging, og no altså også slått fast i denne rapporten heller ikkje lukkast med å skaffe folket i dette landet eit skikkeleg kollektivtilbod.
Kostnadselementa for drift av kollektivtjenestene har auka kraftig med dagens regjering, like så har bompengane i dei støste byane i byvekstavtalar auka kraftig med argument om at folk flest må bruke kollektivtjenesten.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Kollektivtransport med buss, båt og t-bane er i utgangspunktet eit fylkeskommunalt ansvar og oppgåve. Me er kjende med at dei siste fem åra har vore utfordrande for kollektivsektoren, som følge av pandemien og høg prisvekst på kapitalkostnader, straum og diesel.
Eit velfungerande kollektivtilbod er også viktig for regjeringa. Både med omsyn til miljø og klima - og i bypolitikken - er me avhengige av eit godt kollektivtilbod for å unngå unødvendig trengsel i trafikken og skape gode bymiljø. Utvikling av kollektivtilbodet er sentralt for å nå nullvekstmålet for persontransport med bil, og denne målsettinga har hatt brei politisk oppslutning over lang tid. Nettopp derfor prioriterer regjeringa å fortsette den sterke satsinga på kollektivtransport, sykling og gange, bl.a. gjennom byvekstavtalane. I planperioden i Nasjonal Transportplan (2025-2036) vil regjeringa prioritere 88 mrd. kr til byvekstavtalar, belønningsavtalar og tilskotsordningar for klima- og miljøvenleg byutvikling og god framkommelegheit. Dette utgjer i snitt om lag 7,3 mrd. kr årleg. Denne regjeringa har i motsetning til føregåande regjering faktisk satt i gang arbeidet med byvekstavtalar i dei mellomstore byane som første gang ble forespeila i NTP 2018-2029. I Tromsø er byvekstavtale allereie inngått, og i Kristiansandsregionen og Nedre Glomma er prosessen godt i gang med sikte på å ferdigstille desse i 2024.
Det er viktig å poengtere at bompengefinansiering blir initiert og vedteke lokalt, dette er ikkje noko staten pålegg. Det er det fylkeskommunale nivået som sitter nærast dei konkrete løysingane for storbyane, og som eventuelt må gjere eigne vurderingar av forholda som kjem fram i TØI-rapporten. Det gjeld m.a. rutetilbodet for kollektivtrafikken og også innretninga av bompengar i det enkelte byområdet (i samråd med kommunane det vedkjem).
I dei største byområda med byvekstavtalar har me stort sett god måloppnåing (nullvekst) så langt, men prognosane for trafikkvekst tilseier at me må vurdere og forsterke verkemiddelbruken dei neste åra. I byvekstavtalane samarbeider staten og lokale myndigheiter om å finne gode løysingar for å få fleire til å reise kollektivt, sykle og gå. I tida framover blir det særleg viktig å identifisere og gjennomføre dei tiltaka som gir størst måloppnåing og mest igjen for pengane. Bompengar er sentralt i dette arbeidet, både for å finansiere investeringar i samferdselstiltak og til drift av kollektivtransport. Det er også eit viktig restriktivt tiltak mot biltrafikk, og det bidrar til at kollektivtilbodet vert meir konkurransedyktig. Denne moglegheita til å bruke bompengar også som eit trafikkregulerande verkemiddel, skjedde etter ei lovendring i 2017 då Ketil Solvik-Olsen satt som samferdsleminister.