Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2523 (2023-2024)
Innlevert: 08.08.2024
Sendt: 09.08.2024
Til behandling

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Kva vil statsråden gjere for å sikre at leigetakarar har tilgang til nødvendig rettshjelp?

Begrunnelse

Laurdag 3 august sto det i Klassekampen at leigetakarar snart ikkje får nødvendig juridisk hjelp. Leigebuarforeininga seier dei merker at presset frå leigetakarar som har problem aukar. Fleire og fleire spør etter juridisk hjelp. Foreininga vurderer no inntaksstopp fordi dei ikkje har nok ressursar til å imøtekome alle som treng hjelp. Dette skjer samtidig som fleire leigetakarar hamnar i konflikt med utleigar fordi dei leiger ein bustad som er for dårleg. I fylgje ei medlemsundersøking gjort av Leigebuarforeininga har 70 prosent av medlemane funne manglar ved leigebustaden etter at dei har flytta inn. Dette skjer samtidig som at leigetakarane må på bustadjakt i ein svært pressa bustadmarknad.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig