Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2517 (2023-2024)
Innlevert: 08.08.2024
Sendt: 08.08.2024
Til behandling

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan kommunalministeren dokumentere at det er god regnskapsskikk at fylkeskommunen for å fullfinansiere eit rassikringsprosjekt på 50 mill. kr, brukar momskompensasjonen frå dei 40 mill. kronene frå staten til delvis fullfinansiering, der fylkeskommunen i så fall vil kunne få momskompensasjon for andre gong på dei same pengane og frå momskompensasjonen som har kome frå ei statlig løyving?

Begrunnelse

Møre og Romsdal fylkeskommune har fått eit akutt rassikringsprosjekt på FV 63 Trollstigen, med eit øyeblikkeleg investeringsbehov på 50 mill. kr.
Denne vegstrekninga over Trollstigen er eit av landets mest besøkte turistdestinasjon, med omlag1 million besøkande til dette området kvart år.
Rassikring både på riks og fylkesvegar har alltid blitt fullfinansiert av staten, noko ein også i dette tilfellet burde forvente vart gjort, spesielt med tanke på at FV 63 Trollstigen er av landets viktigaste Nasjonale turistvegar.
Regjeringa har gjeve eit tilsagn på 40 mill. kr i tilskott til denne rassikringa, som betyr at fylkeskommunen må finansiere dei resterande 10 mill. kr til dette rassikringstiltaket.
Fylkeskommunen har varsla ein heller "kreativ" finansieringsmetode, der fylkeskommunen sin andel av rassikringsprosjektet er tenkt delvis finansiert av momskompensasjonen fylket får frå dei 40 mill. kr frå staten.
Dette betyr at fylket i så fall brukar momskompensasjonen dei ikkje har fått, som grunnlag for ei finansiering, noko som regelrett er ein underleg praksis.

"Når fylket legg til grunn å bruke momskompensasjon frå staten sine investeringar som dei ikkje har motteke til fullfinansiering av prosjektet, vil dei også motta momskompensasjon på momskompensasjonspengane frå staten for andre gong."

Fylkeskommune direktøren seier følgjande ang dette forholdet:

"Vi får tilbake momskompensasjon terminvis, altså seks ganger i året, så mellomfinansieringsperioden er svært kort. Alle fylkeskommuner og kommuner gjør det på samme måte, noe som også er i henhold til kommunelov med tilhørende forskrifter og God kommunal regnskapsskikk."

At dette kan vere god regnskapsskikk er for meg underleg.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig