Skriftlig spørsmål fra Rasmus Hansson (MDG) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2511 (2023-2024)
Innlevert: 07.08.2024
Sendt: 07.08.2024
Besvart: 14.08.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Rasmus Hansson (MDG)

Spørsmål

Rasmus Hansson (MDG): I Sandefjord har statsforvalteren godkjent å ofre kvalitetsmatjord, for å anlegge en skole for 600 elever. Byggingen av skolen er en del av en utvikling i skolen med nedleggelse av lokalskoler og sentralisering av skoler, som har opplevd motstand lokalt. Landbrukskontoret i kommunen har pekt på at det finnes alternativer som ikke ødelegger matjord.
Mener statsråden utbyggingen kan gjennomføres slik den er planlagt, eller vil statsråden av hensyn til viktig matjord og selvforsyning sørge for at kommunen finner en annen løsning?

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Matjorda vår er ein knapp og viktig ressurs. Vi må som samfunn framover gjere ein betre jobb med å ta vare på matjorda vår for framtidige generasjonar. Derfor har Senterpartiet og Arbeiderpartiet i regjering både skjerpa jordvernmålet og grepet inn i viktige enkeltsaker kor det har vore føreslått utbygging av store areal med matjord.
Da planprosessen for ny skule på Vesterøya starta, gjorde statsforvaltaren kommunen merksam på at omdisponering av dyrka mark kunne gi grunnlag for motsegn. Statsforvaltaren skreiv òg at det var uheldig at kommunen ville regulere inn ein skule på areal som i kommuneplanen var sett av som LNF-område.
Sandefjord kommune sende seinare eit forslag til ny kommuneplan på høyring. Her var skuletomta på Versterøya lagt inn som utbyggingsføremål. Statsforvaltaren fremma motsegner til fleire areal ut frå jordvernomsyn. Etter ei konkret vurdering fremma dei ikkje motsegn til skuletomta. Statsforvaltaren la vekt på ein ny skule var eit samfunnsnyttig føremål, og på det kommunale sjølvstyret. Dei frårådde likevel forslaget til endra arealbruk.
Sidan statsforvaltaren ikkje kom med motsegn til arealet i kommuneplanen, kom dei heller ikkje med motsegn til reguleringsplanen. Reguleringsplanen for ny skule på Vesterøya blei vedteke av kommunestyret i Sandefjord 22. juni 2023.
Etter plan- og bygningslova er det kommunane som er planstyresmakt, og avgjer arealbruken i kommunen. Når regionale og nasjonale omsyn tilseier det, kan statsforvaltarane og andre statlege styresmakter fremja motsegn innanfor eige ansvarsområde. I denne saka er det altså ikkje fremja motsegn til forslaget om ny skuletomt på Vesterøya ut frå jordvernomsyn, verken på kommuneplan- eller reguleringsplannivå. Eg har òg fått opplyst at arbeidet med å flytte matjorda allereie har starta.
Plan- og bygningslova opnar for at departementet kan gjere om på kommunale planvedtak som er i strid med nasjonale interesser. Innkalling av planen for handsaming i departementet er ein sikkerheitsventil som blir brukt med stor varsemd. Basert på dei opplysningane departementet har om saka, vurderer eg det ikkje som aktuelt å gjere om på Sandefjord kommune sitt planvedtak som legg til rette for utbygging av ny skule på Vesterøya.