Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:2507 (2023-2024)
Innlevert: 06.08.2024
Sendt: 06.08.2024
Til behandling

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): At tilsette får meir kompetanse er eit gode både for dei tilsette og verksemda dei er tilsett i. I dag er det slik at tilsette som har vore tilsett under eitt år i ei verksemd og får kompetansepåfyll betalt av arbeidsgivar, blir skattlagt for kompetansen på lik linje med lønnsinntekt.
Er statsråden enig i at ei slik skattlegging er uheldig, og vil statsråden ta initiativ til å endre dagens regelverk slik at det stimulerer betre til omstilling og kompetanseheving hos nytilsette?

Begrunnelse

Det framstår for underteikna som urettferdig at nytilsette skal skattleggast for kompetanseheving som i mange tilfelle er ein sterkt ønskjeleg eller nødvendig del av deira oppstart av arbeidet i ei ny verksemd. Det framstår også som merkeleg at reglane i dag er slik at dersom fleire kollegaer deltar på same kompetanseheving, blir den nytilsette skattlagt for deltakinga og kollegaene deltar utan skattlegging.
Dagens regleverk kan også vere ein barriere ved nytilsetjingar fordi det etter dagens ordning følgjer meirkostnader med å tilsetje personar som til dømes har stått utanfor arbeidslivet og personar som kjem frå andre typer stillingar og arbeid med behov for kompetansepåfyll.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig